Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 23
21
G. Vigfusson og Cederschiold hadde haldi fram. E. Magnusson gjev eit
godt døme på at M-t er betre enn K-t. Hadde han haldi fram med å
analysera fleire slike døme, ville truleg synsmåtane hans ha sett større
merke etter seg. Den fyrste til å freista å løysa dette spørsmålet med meir
inngående analyse av båe sogegjerdene var A. Heusler i innleiinga til ut-
gåva 189713. Heusler jamfører detaljar både når det gjeld komposisjon,
namneformer, tal, setningsbygnad og „auffassung des stoffes“. Han finn
at gjerdene er meir omfangsrike kvar sin gong, og meiner difor at den eine
ikkje kan utleiast av hi, men at dei båe har sjølvstendig verde. Dette synet
heldt han fast på i andre utgåva av boka 1913 og fekk seinare full stønad
både av B. M. Olsen i førelesingane hans14 og av B. Sveinsson15. B. M.
Olsen førde fram nye argument i tillegg til Heuslers. Når det gjeld år-
sakene til at dei to gjerdene har skilt seg ut, stod derimot E. Mogk, F.
Jonsson og B. M. Olsen skarpt imot Heusler. Heusler heldt fram at dei
to gjerdene må ha vorti utforma føre dei vart oppskrivne, allvisst når det
gjeld den seinare delen av soga. B var for Heusler ei stadfesting av teorien
om at ei soge kunne vera oppskriven etter munnleg forteljing fleire gonger.
Denne forklåringa godtok B. Sveinsson utan vidare. Men E. Mogk og
B. M. Olsen avviste det og heldt fram at båe gjerdene lyt gå attende på
eit sams skrivi opphav. Til stønad for dette synet peika B. M. Olsen på
ei rad med stader der den eine gjerda let seg retta ved hjelp av hi. Med
dette råka han likevel herre delvis kjernen i saka. Det han viste, var at dei
to tekstene er avskrifter, og at førelaga til dels kan ha samsvara betre enn
desse tekstene gjer no. Men også Heusler rekna med at tekstene kunne ha
vori utsette for omlaging gjennom avskriving16. Viktig var derimot den
vekt E. Mogk og B. M. Olsen la på likskapen mellom gjerdene i uviktige
småting som måtte ha lett for å verta omlaga i munnleg tradisjon17. Den
ulikskapen som finst, forklåra B. M. Olsen ved at utformarane av båe
gjerder har stelt seg sers fritt til førelaget, serleg utformaren av K-g, som
kunne ha skrivi sume stykke av soga etter minnet utan å fylgja nøye med
i førelaget. F. Jonsson trudde og på eit sams litterært opphav, med di M-t
etter hans meining representerte ei medviten utviding og omlaging18.
” Utg. 1897 s. xxxiv-xlii.
14 Um islendingasogur s. 253.
15 Utg. 1926 s. vil.
M Utg. 1897 s. xli, utg. 1913 s. xliii.
17 Jfr. Liestøls regiar for „munnleg variering" i Upphavet s. 38 f.
“ Litt.hist. II (1923) s. 464-465; utg. 1933 s. xi.