Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 33
31
KAPITEL 4
1210 Svglustadi M1. Gardsnamnet vantar i K her, men er seinare i K-t
omtala som velkjent (1827). Dette tyder på at førelaget til utf. av K-g
har hatt namnet her. - 1212 talar til Ospaks M. Desse orda truleg over-
sprungne i K-g av di utf. av K-g ikkje har tykt dei var strengt turvande
til å få fram handlinga. Opplysninga om korleis samtalen tok til, er viktig
til å karakterisera det kvinnfolket som (5sp. no gjev seg i lag med. Det er
ho som tek initiativet i giftarmålssaka, ikkje frendane hennar, slik god
skikk kravde. — I21 23,26 sj£ um K. sjd um kan ha to tyd-
ingar som kjem på tale her, ei meir abstrakt: „føra tilsyn med“, og ei meir
konkret: „sjå over, inspisera112. Utf. av K-g har lagt den siste meininga
i orda, med di han let Osp. svara på Svalas framlegg med ei konkret hand-
ling: hann gerir svå. Men det er utan tvil den abstrakte meininga Svala
opphavleg har lagt i orda. På den måten får ho fram ein tydeleg invitt til
friing. — Utviklinga av samtalen og forelskinga mellom Svala og Osp. er
stegvis og systematisk framstelt i M, meir abrupt i K, der vi ikkje herre
vantar opplysningane om korleis Svala set samtalen i gang og seinare fram-
kallar friinga, men og orda ok tala pau mart, som inneheld ein serskild
pregnans3. tala korresponderer stilistisk med tali etterpå (responsjon).
Ved dette oppattaket vert det innprenta kor ivrig dei snakka. Det kan
knapt vera tvil om at K-g her representerer eit samandrag. - 1218-17’ 30-31
hverr---hennar M, hverr------råda K. Då Svala styrer garden sin sjølv,
må ho vera myndig. Det vil her truleg seia at ho er over 20 år, etter di
det ikkje er sagt noko om at ho var enkje4. Enkjer kunne på visse vilkår
styra godset sitt jamvel om dei var yngre5. Men ein Iggrddandi, som i
dette høvet skulle vera fastnandi, måtte stå føre festarmålet. - 1217-18
så er---verår M. Etter Gråg. er det frendskap eller tengSir som avgjer
1 Om garden Svglustadir jfr. Kålund: Isl. beskr. II 24.
2 Fritzner har slegi båe desse tydingane saman under ein rubrikk (under sjd um,
band III, teig 257-258). Men av dei døma som er siterte der, høyrer sume til det
abstrakte slaget: steir um hu.it med mådur minni; sjd um fémdl ok um pat annat,
er liann tekr at henda-, andre gjeld ei einskild konkret handling: nå skaltu rida upp
i Pårolfsfell ok sjd par um bu {ok vera par eigi lengr en nott eda tvær legg soga
til); sé um, at 30 daga sé sungin messa -.
3 Både i B og i sogelitteraturen elles piar mykje og ivrig prating ha noko serskilt
på seg. Jfr. her serleg Njål. kap. 33.
* Jfr. Gråg. III 606 fjdrvardveizla.
5 Gråg. III 629.