Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 37
35
Gsp. straks burde ha tilbodi å gjeva det frå seg. Vi ser dessutan at Osp. i
K-g siett ikkje ansar desse orda til O., men held fram med sitt på same
vis som i M-g. Vi har her sikkert eit innskot forma etter det samsvarande
ordlaget i M-t li12-13. Det er mogeleg at utf. av K-g har angra på at
han ikkje tok med heile uttrykket på den fyrste staden og at han av den
grunnen freistar å klemma det inn her. Uttrykket finst elles og i M-t 411.
- 1527 Iggmotum K. Med dette må vera tenkt dei uformelle samkvåmiir
som vart haldne utanom dei faste skapping til å ordna saker av offentleg
interesse. Her vel serleg tenkt på ei samkvåma om våren føre vårtinget
som er omtala i Gråg. i samband med godordsoverlating når ein gode dreg
frå landet (jfr. til 1122-23 s. 30). Etter Gråg. er det likevel tydeleg at
overlating på slike uhelga møte er unnatak. Det normale {tidast) er over-
lating a leidum eda pingum, slik M-g seier. Osp.s ord i K-g peikar på fleire
høve til overlating enn Osp.s ord i M-g. Ein kunne nok og tenkja seg at
tidast i soga opphavleg har sikta til motsetnaden mellom Iggmot, leid ir og
ping p. d. e. s. og meir irregulære tider for overlating p. d. a. s., slik vi ser
det her i B både då O. gjev frå seg og då han no vil få att og seinare tek
att godordet utanfor offentlege samkomer. Men dette høver mindre med
tendensen i det Osp. seier. For Osp. er det om å gjera at høva til overtaking
vert så fåe som mogeleg. Difor tykkjest M-t betre. - 1527 helgudum K.
Som adjektivisk apposisjon til leidum eda pingum vert dette ordet ein
pleonasme. Alle ping og leid ir måtte vera helga18. Som adverbial apposisjon
gjev det nok meining i og for seg: „på leidir eller ping etter at dei er helga“.
Dette ville heller ikkje strida mot Gråg., der det heiter at godordsover-
lating skal skje d leid hadri eller å pingi — at hddum domum19. Men det
kjem i strid med teksta like nedanfor, der O. kjem for seint til å overtaka
godordet på leid av di at var helgud leidin. helgudum er då truleg eit inn-
skot. At utf. av K-g har sett det inn her, kan psykologisk forklårast ved
den innverknaden handlinga å helga leid har på hendingane nærast etter-
på. - 154-5,15-16, 28 Oddr-----vera M, JS, Oddr--------fallit K. Svaret i
M-g stilistisk fint avmåta, med uttrykk for ei viss godtruen, men tvikande
ettergjeving, i K-g derimot som vanleg absolutt og psykologisk unyansert.
_ 155,16-17 at-----fram M, JS. Desse orda truleg opphavlege, då leidar-
morgininn etterpå elles kjem uførebudd. - 15 78,18-]!) hefir-------lengi
M, JS. Ei naudsynleg forklåring på at heile episoden kunne koma i stand.
18 Gråg. Ia 112.
10 Gråg. Ia 141.
3*