Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 38
36
- 1511 potti fretta undarligt M. Sikkert innkomi ved misskriving etter
same orda like ovanfor. Båe gonger honum nærast framføre. — 162.1°.19
var kelgud leidin M, JS, K. Her noko uklart i soga vår. Det ser mest ut
som B reknar med at helginga av tinget skjer i samband med at det vert
oppløyst20. Betre ville det høva om ein tok helgud for avlaging av eit
opphavleg had21. Men jamvel med dette brigdet vert det uskjønleg kvifor
godordet ikkje kunne overlatast då O. var komen til hausttinget, om ein
held seg til Gråg. I røynda tykkjest forklåringa vera den at B her ikkje
fylgjer lovene, men byggjer på Borst. s. SiSu-Hallssonar (jfr. s. 257). -
103,11,20 undarlig M, JS, verr K. Dei stendig oppattekne uttrykk for
undring er eit viktig stilmiddel i denne delen av soga (jfr. s. 188-189).
K’s verr bryt konsekvensen i bruket av dette stilmiddelet. - 1621-25
gerisk----yfirlati K. I denne utmålinga av kjensler vert K-g brått mykje
meir ordrik enn M-g. Vi har sett at K-g oftast er stuttare. Der ho er meir
omfangsrik, piar innhaldet jamt (ikkje alltid) anten vera rangt eller
uturvande utvidingar som ein og kan utleia av M-g. Dette gjev grunn
til skepsis også her. Rett nok er det oftare vi andre stader i soga vår finn
fråsegner om kva folk tenkte eller kjende22. Men sjeldan elles er omtalen
så omfangsrik som denne, og sjølve innhaldet i desse orda er noko vi lett
kan tenkja oss til ut frå samanhengen. Mistanken vert styrkt ved at orda
nu gerisk fatt med peim finst att eit stykke nedanfor i M-g, 17G>17 (M
og serleg JS). Frå dramatisk synsstad tykkjest M-g, der desse orda vantar,
stå høgre. Vi har nett fått ein frest på ngkkurir dagar til å lata tankane
arbeida. Her gjer det seg betre med ein pause enn med prat om sjølvsagde
ting. Episoden etterpå, då O. trugar til seg godordet, kjem brått og uventa
på 6sp. I M-g kjem han også brått og uventa på lesaren. I K-g er sjokk-
verknaden svekt ved at O.s misnøye vert omtala føreåt. — 165.13,26 und'lr
bordi M, JS, yfir mat K. Det som har interesse her, er at karane sit ved
eit bord, ikkje om dei et eller ei. Ved bordet var det ikkje så lett for Osp.
å koma seg unna eller verja seg. M-g har såleis det høvelegaste ordvalet.
Bordet er omtala i båe gjerder like etterpå. — 166~7, 1614-1712, I627~28
hleypr----sér M, JS, hleypr------6spaki K. Utf. av K-g har tykt hendings-
lekkane er nemnde i unaturleg rekkjefylgje slik dei står i M-g: At O. har
20 ff. VII 308, merkn. 2. - Om pinglausnir jfr. Gråg. III 705-706.
21 Jfr. Gråg. Ia 141. Mot ei slik retting talar likevel det at å helga leid er ei
hovudsak i omtalen av godeverksemda til 6sp. ovanfor i 124.20'21.
22 T. d. U10-11,24-2”, 172-10, 2613, 33"33, 351-s, 351"-20 og 3615, 37”'”, 408-9.22-30, 40'3-18,
702-8.