Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 44
42
forklårast som mislesing. Ein skrivar kunne ha hoppa frå det fyrste sumir
over til det ætla som i førelaget var kny tt til det tredje. Så lokkande som
denne forklåringa er, så kan ho likevel knapt vera rett. For det fyrste kan
nemnast at dei tre alternativa i K her ikkje samsvarar heilt med dei alter-
nativa som er nemnde i K-g i 1920~23. Dette er likevel ikkje så mykje å
leggja brett på, då parallellane i 1920-23 til dels er innskot, til dels forma
etter staden vår her (jfr. s. 39). Ein ting som veg meir, er den ulogiske
måten alternativa her er oppstelte på: af manna vgldum femner sjølvsagt
også om det at sauene vert jaga til andre bygdelag. Dette er altså ikkje
ting som det høver å jamstella. Viktigast er det likevel at replikken til
Våli i K-g her gjer orda til Våli nærast etterpå, en margar------petta mål
22 29-3til ei meiningslaus oppattaking, som seier mindre enn det som alt
er sagt. Det kan vanskeleg vera tvil om at vi her har å gjera med eit inn-
skot i K-g. Dette vert endå klårare når vi legg merke til samtalen i det
fylgjande. Innskotet kan m. a. vera framkalla av en på er fjglrætt um af
gdrum mgnnum nedanfor i M-g 227’17. Utf. av K-g har kan henda tykt
dette trong ei breiare utlegging. Innskotet i K-g har då vorti til på den
måten at alternativ 1 (forud) er fri tilsetjing (difor ikkje samsvar med
det tildikta farizk t snævum i 1922?), alternativ 2 (til annarra herada)
er teki frå 191’11’21 og alternativ 3 frå førelaget på denne staden. Når
Våli derimot fer så lett over eventuelle andre gissingar i M-g, får han
ved det straks ført samtalen inn i rette faret. - 2245> 14~15< 28 åatlanda
---brggd (bragS) M, JS, mikit--------bragdit K. Då Vålis replikk ovanfor
i K-g har vorti utvida til tre alternativ, kan Osp.s svar, slik det no finst i
M-g, ikkje nyttast lenger. Utf. av K-g har difor forma om replikken til
noko som visst skal vera eit spørsmål, og lagt ei onnor tyding i ordet
bragd33. - I M-g prøver 6sp. å snakka det heile bort. Men orda hans får
den motsette verknaden av det som var tilsikta. Dei kjem nett til å peika
han sjølv ut som den mistanken lettast vil festa seg ved. Dette vert det
naturlege assosiative utgangspunktet for Våli til å nemna folks mistanke
til Osp. Denne fine psykologiske tilrettelegginga av samtalen er bortkomen
i K-g. - 225-8-15-18’ 29-30 svå er------vånum M, Ospakr - vånum JS,
ja----van K. Utf. av K-g tek ikkje omsyn til at dei to spørsmåla hverjar
cru getur----? og hefir Oddr ngkkurar getur--------? gjeld ulike ting. Den
breie utlegginga hans av folkesnakket ovanfor ville samstundes gjera det
malplasert av utf. av K-g å lata Våli seia meir om den saka no, når han i
* I M’s er eigi margra brggd må tydinga av ordet vera den vi finn i Fritzner:
bragS 2. I K-g må bragSit derimot svara til Fritzner: bragd 7.