Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 46
44
målbera stigande spaning og uhyggekjensle. Skilnaden på korleis dette
avsnittet tek seg ut der det er fortalt av ein dugleg stilist og av ein som
ikkje skjønar seg på stil, ser ein klårt ved jamføring med K-g. Der er
den konsekvente symmetrien i periodebygginga borte både når det gjeld
rytme, asyndeton, inversjon og ubunden form av substantiva (jfr. s. 199).
— 2G1'2’15 ok er----varir M, finnr — fyrr K. Same ordlaget ved ein analog
situasjon har vi ovanfor i M-g 166>14. - I M-g ser det ut til at Våli er
komen inn i sjølve skålen med dei opphøgde set langs veggene. Ein som
la seg på lur i mørkret på set, måtte ha lett for å gjera overfall på den
som kom inn utanfrå og var van med dagsljoset. I K-g ser det derimot ut
til at Våli vert overfallen alt t anddy rinu. Der er ingen set, utgangen
nærare og vona til at overfallet skal lukkast, for så vidt mindre40. —
2616-17 pai v(ir (dspakr K. Dette er kan henda utfalli i M-g, for etterpå,
268, vert Osp. i M-g omtala som om vi alt veit at det var han. Det er
grunn til å tru at M-g her opphavleg har vori oppbygd i samsvar med den
spaningsskapande teknikken som vi har døme på nedanfor i M-g i 2915—
303, slik at personen fyrst er gjord kjenneleg ved andre middel og namnet
så openberra til slutt (sjå s. 233). - K-g vert no brått meir ordrik og
veltalande enn M-g. I ein slik situasjon skulle ein likevel synast at den
knappare formuleringa i M-g høvde betre. Men også K-t er verknadsfull
med sitt oppattekne forda pér. — 2618 saklausum manni i K-g kan vera ei
føregriping av Of .s ord til domarane i M 3218: drap hann eigi Vcda
saklausan. - 266'7 ok hafir-----målinu M. Dette viktige tillegget vantar
i K-g, men er sikkert opphavleg. Desse orda gjer det klårt for Osp. kva
han må gjera for å oppnå forlik med O. Vilkåret for sått i tjuvskapsspørs-
målet måtte sjølvsagt vera at Osp. vedkjende seg å vera part i saka. -
26n-io,24-28 Svala - - Ospak ok Fåla M, en på - - vold K. I M-g ut-
nyttar Osp. Vålis velmeinte råd til å narra O. og berga seg sjølv unna
hemnen. Svala går og forsikrar at Osp. og Våli er forlikte, men let vera
å nemna noko om kva forliket gjeld, eller om at Osp. har vedgått saue-
tjuvnaden. Både Osp. og Svala er like forherda som nokosinne. Dei kunn-
gjer ikkje dråpet og gjer seg dermed skuldige i mord41. Gjennom dette
fullfører Osp. utviklinga si fram til rein brotsmann og skurk. Denne klåre
handlingslina er rangsnudd i K-g. Her har Våli ikkje gjevi nokor opp-
moding om å tilstå tjuvnaden. Likevel sender Osp. Svala til O. med til-
40 Om konstruksjonen av anddyri, skdli og set sjå serleg Forntida gårdar i Island,
t. d. s. 78-84. Jfr. og V. Gudmundsson: Privatboligen s. 210 f.
41 Gråg. Ia 154, III 652; Maurer: Vorlesungen V 54, 766.