Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 47
45
ståing. Dette kunne det vera meining i dersom Osp. verkeleg ynskte
å forlika seg med O. Men det vil han ikkje. I staden rømer han frå
det heile. Dermed vert tilståinga meiningslaus. Det at K-g inneheld
fråsegna om tilståing, viser likevel at det førelaget som K-g er bygd på,
må ha hatt eit liknande innhald som M-g har no. - 2610_11> 28 ok bad Våli
----hverfa M, ok bad-------hverfa K. I K-g ser det ut som det er Osp.,
ikkje Våli, som sender bod om at O. skal snu. Dette gjer O.s godtruenskap
endå meir uskjønleg. Grunnen til denne store omkalfatringa i K-g lyt vera
den at utf. av K-g fyrst har sprungi over dette med tilståinga, men sidan
vorti klår over feilen. Han freistar då å bøta skaden ved å måta inn til-
ståinga etterpå (etterpåvøling). — 2611"12’ 28-30 Oddr truir-----heim M,
Oddr gerir------var sagt K. Rett tidsfylgje for hendingane i M-g, om-
snudd i K-g. — 2612~14, 2632716 Våli lét--------tekizk hafa M, annan dag
----mgrgum manni K. M-g objektivt refererande, K-g som oftare meir
ordrik der det er høve til fordjuping i kjensler (jfr. s. 123 „psykologiser-
ing“). - Det kan nemnast at B. M. Olsen meinte utforminga til K-g var
den opphavlegare her. Men dette bygde han på eit generelt påstand om
at den teksta som var mest omfangsrik på vedkomande stad, jamt var den
opphavlegare42.
KAPITEL 5
274-5,17 Oddr byr----f>ings M, K. Den saka O. fyrst hadde meint å
reisa mot Osp. for stuld, vert no avløyst av eit nytt søksmål for dråpet på
Våli. Til saksførebuinga høyrde stefna og buakvgd. Men når den saksøkte
var fråverande, kunne ein i staden føretaka stemning eller lysing på tin-
get* 1. Osp. kan ikkje møta av di det var forbodi den som hadde fått lyst
på seg sår eller ben, å møta på fredhelga ting2. Ved dråpssaker skulle det
42 Um islendingasogur s. 251 og 253.
1 Gråg. III 677-678; Lehmann-Carolsfeld: Die Njålssage s. 45^17. - Om mdla-
tilbunaSr sjå Maurer: Vorlesungen V 733 f.
2 Gråg. Ia 174-175; sjå og Maurer: Vorlesungen V 463, 769. - Heusler (Straf-
recht § 67) vil rett nok ikkje gå med på at denne regelen i Gråg. har vori anna enn
daud bokstav. Men j amvel om det skulle vera slik, kan det tenkjast at sogemannen
har haldi seg til denne regelen i lovboka. Var det ikkje slik, måtte ein undra seg
over at 6sp., som elles viste seg vera så rettskunnig, og som burde vita at O. hadde
nok av mektige fiendar som kunne hjelpa 6sp., ikkje sjølv møter opp på tinget og
gjer den <vgrn gjeldande som Styrm. førde fram. J. Johannesson avviser elles Heus-
lers meining om dette (ff. XI 116, merkn. 5).