Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 49
47
ha rekna med at båe hovdingane jamt sat tett ved nordlendingsdomstolen,
slik at dei høyrde alt som vart sagt. Det er kan henda difor han har sløyfa
ordet domunum i 2725, jfr. 2710, og laga om fyrste replikkane på ein
slik måte at tor. ikkje får seg fortalt kva som hender ved domstolen. —
I M-g er Osp. ikkje nemnd ved namn i dette kapitelet nokon stad korkje
av Styrm. eller tor. Det er som om hovdingane har mothug mot å ha alt-
for direkte samband med han. Jamvel Styrm. ordlegg seg varsamt og
indirekte, som rimeleg kan vera her det gjeld å berga ein openberr ill-
gjerningsmann frå straff. I K-g talar Styrm. derimot opi og hemningslaust
om Osp. - I rettargangen her mot Osp. gjeld det same som seinare i søks-
målet mot O., at den saksøkte hefir engum manni um sitt mål bodit (jfr.
4010"11). Men etter loven kan kven som vil krevja vernekvid for frå-
verande saksøkte som ikkje har fått nokon til å taka opp forsvaret for seg7.
tor., som var Svalas Iggrådandi, skulle vera den næraste av hovdingane
til å gjera innseiing. Når no likevel Styrm. legg seg frami i staden, viser
det kor hissig og omsynslaus han er. — 282’17 inn versti madr M, eigi
godan mann K. Eit av dei fåe døma på at M-t har krassare uttrykksmåte
en K-t. Men her tener det sterke uttrykket til å få fram ein psykologisk
og stilistisk kontrast, tor.s intense mothug mot Osp. kjem fram i denne
indignerte ordlegginga, medan Styrm. freistar å pynta på saka i det eufem-
istiske svaret sitt. Dette fine skildringsdraget er bortkomi i K-g. Utf. av
K-g har kan henda tykt det høvde at også tor. viste større sympati for
Osp. alt frå byrjinga av, og har forma svaret hans etter det etterfylgjande
svaret til Styrm. Men ei hovudsak i dette kapitelet er nett det at Styrm.
er den drivande krafta som overvinn motstandet hjå den kloke og meir
rettenkte tor. - 286’20 ydvart vandr æd i M, vårt vandr æd i K. Det er
tor., og ikkje Styrm., som har rettslege, eller i alle fail moralske, skyld-
nader andsynes Osp., og som lyt vera med på å bera eventuelle økonomiske
skyldnader mot Svala, om Osp. vert dømd til skogarmadr og eigedomane
hans tekne frå han. Rett nok skulle kona etter loven haldast skadeslaus7 8.
Men ein slik katastrofe som ein skoggangsdom måtte likevel få mange
slags fylgjer. For tor. skulle ein tru at den moralske skyldnaden til å
hemna Osp., i tilfelle han vart drepen, kunne vera eit viktig moment. Men
ein slik skyldnad hadde han sjølvsagt ikkje etter loven, og det ser ut som
om tor. i soga vår heller ikkje hadde tenkt å leggja på seg ein slik skyld-
7 Gråg. Ia 47, II 376; jfr. Maurer: Vorlesungen V 504.
8 Gråg. Ia 85; Maurer: Vorlesungen V 814.