Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 50
48
nad9. I alle høve måtte Styrm. vera utan piikter i samband med denne
saka. Difor høver M’s ydvart betre enn vart. — 2822-25 at hann hefir-----
målinu K. Denne utgreiinga gjev Styrm. til O. nedanfor i M-g (298~10 *),
og der høver ho godt. Styrm. kunne vel undervisa den ukunnige O. i
rettspraksis. Men orda hans vert malplaserte som tiltale til den vise Por.
I M-g vert opplysninga om kva vgrnin går ut på, halden attende til å
byrja med. Det skaper eit spaningsmoment som fyrst får utløysing då
Styrm. velter heile spelet for O. Dette spaningsmomentet er bortkomi i
K-g ved at Styrm.s forklåring er føregripen. Grunnen til framflyttinga
er truleg likskapen mellom orda vgrn i målinu her og varnir-------t måli
pinu i M-t 298. Desse orda her har fått knytt til seg det som fylgjer
nærast etter varnir etc. der. Då grunnlaget for Styrm.s vgrn alt er ut-
greidd, kjem ok eru spjgll å målinu 2825 som eit uturvande påheng. Men
dette påhenget må vera tilsett av di utf. av K-g ynskjer å taka ordet
spjgll i bruk i staden for vgrn, som i K-g heretter støtt er utskift der
samanhengen tillet det. — 2819’26"28 ok lizk------målit M, en svå--------
honum K. Den avmålte uttrykksmaten i M-g høver vel til å karakterisera
den nøkterne og kloke Por. K-g har tidlegare (2817) gjort Por. meir
velviljug stemt mot Osp. en han er i M-g. No tykkjest K-g trenga serskilt
omstendeleg forklåring på at hor. likevel ikkje vil vera mot O. Det er
mogeleg at desse to tinga har samanheng. - 2812> 29 pér verdi litilmannliga
M, svivirding er per K. Finare og meir nyansert uttrykk i M-g, som og
har den gamaldagse konstruksjonen med verda + adverb. - 2920 dregr
hann af pvi K. Uklårt uttrykk. Siste delen av denne replikken i K-g berre
ein variasjon av det som nett er sagt. — 291-2 sakar eigi---hann er M.
Delvis same tanken går att nedanfor i K 2926-27 i Styrm.s ord til O.:
ver munum — — njota pess, er ver kunnum ngkkut heldr i Iggmålinu.
Plaseringa i M-g tykkjest betre. Der knyter orda seg på ein vondskapsfull
måte til planlegginga. I K-g kjem dei som naivt skrøyt, truleg innkomne
som etterpåvøling. — 292"4 Porarinn----enda eiga M. Lyt vera noko opp-
havleg. Por. var den som stod nærast til å ha med saka å gjera. Difor må
Styrm. ha hans stønad før han kan gripa inn, slik han får det i M-g.
I K-g blandar Styrm. seg derimot inn utan å ha sikra seg løyve frå Por.
Trass i dette reknar også K-g seinare med at Styrm. har hatt Por.s sam-
tykke då han greip inn. Det går fram av samtalen mellom Styrm. og Por.
9 At drap på fredlause menn vert hemnt, ser vi oftare i sogene, såleis ved Grettir
Åsmundarson, HijrSr Grimkelsson og Gisli Sursson. Jfr. Maurer: Vorlesungen V SO-
SI; Heusler: Strafrecht § 118.