Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 54
52
gløymer vi ikkje så lett korleis Of. såg ut, og dette er med og kastar ljos
over alt som går føre seg i det fylgjande, både då Of. møter O., og seinare
då han nærmar seg domarane. I K-g er det mindre av detaljar. Dette heng
truleg saman med at denne skildringa ikkje fører hendingane framover.
Orda haf di si8a hettuna M er viktige. Dei viser at Of. med vilje gjer seg
ukjenneleg. Dette samsvarar med at han møter opp i bu8arsund.it, og har
mykje å seia for at planen hans skal lukkast. Samstundes som dette draget
er eit moment i handlingsmekanismen, er det og ein viktig lekk i skildringa
av den omskapinga av Of.s ytre apparisjon som etter kvart går føre seg.
Desse orda danar eit motstykke til korleis Of. i kap. 10, då han endeleg
har sikra sigeren, stig opi fram for folket og kastar forkledinga. Der heiter
det at Of. lyptir kdpuhettinum M, lyptir aptr kåpuhettinum d herdarnar K
(5812>32-33). Der viser også K-g at Of. tidlegare har bori hetta på ein
slik måte at ho tente til å løyna han. K-g har heller ikkje direkte opplys-
ning om at den mannen O. møter, er Of. Fyrst eit godt stykke ute i saman-
hengen heiter det i K-g 6feigr segir nett som om vi alt lenge har visst at
det er han vi har for oss. Også i K-g talar O. og den han møter frå fyrste
stund til kvarandre som om både O. og lesarane godt veit kven ein har
føre seg. Stilen i dette avsnittet av M-g er serleg kunstfullt forma med ei
rad parvis ordna og fast bygde isolerte hovudsetningar, kvart par asyndetisk
knytt til dei hine. Vi kjenner att denne meisla, asyndetiske, spanings-
skapande stilen frå fråsegna i M-g om då Våli kjem til SvplustaSir siste
gongen (2513-263). At denne stilen er noko opphavleg her, viser m. a.
leivningane i K-g. — 303’21-22 f>å mælti Ofeigr M, hann----ok mælti K.
At Of. helsar fyrst, slik som i K-g, er naturleg i denne situasjonen, så sant
det i det heile skulle vera tale om helsing. Men ved å gå beint laus på O.
utan heftande seremoniar oppnår Of. i M-g straks å halda O. fast med det
han seier. Ved hjelp av ei helsing ville det vera lettare for O. å kvitta seg
med han. No lyt han svara. I røynda tykkjest dette tillegget i K-g vera
henta frå kap. 9, der ei opplysning om at Gell. helsa fyrst, står i M-g
(4910), men vantar i K-g (føregriping). — 303-6>22-25 snimma—Ospakr
M, skjot-----Ospakr K. Of. vender seg til O. med den meir vyrdsame
tiltalen fer i M, medan han herre nyttar einfelt eintal i K. - I M-g av-
grensar Of. seg til å høla O. for at han er så snar til å få sakene unna.
Dette var noko Of. kunne lata som han trudde av di han møtte O. heime
ved bua så tidleg. I K-g gjev derimot Of. seg til å rosa O. for kor dugleg
han har ført saka. Dette høver sjølvsagt ikkje, kunne i høgda forsvarast
på denne staden om ein tok det for openberr hån. Men å byrja samtalen
J