Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 56
skulle vera klårt framlagd. Når dei vantar i K-g, kjem det truleg av at
K-g her i staden har vorti utforma etter den påpeika staden i kap. 6,
32ti-i2_ _ j ]VI-g er Of. til å byrja med liksom herre full av undring.
Ironien vert klårare fyrst mot slutten av dette avsnittet. Men samstundes
tek han til å lata det skina igjennom at når ein har nok pengar, treng inga
rettssak verta tapt. Denne førebuinga på det som no skal verta eit hovud-
tema i soga, er borte i K-g. — 3016-18 frat kglludu----segir Ofeigr M.
Desse to replikkane vart uturvande i K-g då dei var føregripne i O.s svar
engi dyir etc. 3028. Men i sogesamanhengen er dei viktige. Den fyrste
illustrerer kor motviljug O. kjem med den audmykjande tilståinga at han
har førebudd rettssaka rangt. Ja, i grunnen vil han ikkje vedgå det beint
fram: frat kglludu freir, at seier han - „dei påstod, at Men realiteten
i saka er klår nok. Dette er så føresetnaden for det ironiske svaret til Of.
Dette motstandet hjå O. mot å tilstå er heilt bortkomi i K-g. Då Of.
peikar på kor opplagd og grei denne saka skulle vera, skundar O. seg
straks med å fortelja ikkje herre det at saka hadde vorti stansa av formelle
grunnar, men og at det var han sjølv som hadde forspilt ho ved rang
saksførebuing. Både den rette logiske samanhengen og dei psykologiske
finessane ved denne delen av samtalen er såleis bortkomne i K-g. - 3019-
317 3118-23 en på-----lågt hja ser M, ok hefnir----virt en mik K. Inn-
haldet betre ordna i M-g: Fyrst fortel Of. at han straks hadde sett at saka
var rangt førebudd, deretter at O. ikkje hadde tykt han hadde bruk for
råd, og til slutt (ironisk) kor „fint“ no alt vil gå for O. I K-g er desse
momenta kasta om einannan: Fyrst omtale av at det går ille for O., så
at O. ikkje søkte råd hjå andre, så at Of. hadde sett feilen frå byrjinga
av, så atter at O. ikkje hadde søkt råd, så atter at Of. hadde sett det ville
gå gali, så at O. ikkje har vyrdt far sin. Vi legg dessutan merke til skil-
naden mellom varsamare og meir indirekte uttrykksmåte i M-g og open,
direkte uttrykksmåte i K-g, liksom då Styrm. og f>or. talast ved i byrjinga
av dette kapitelet. I M-g nemnde dei der aldri Osp. ved namn. Slik ser
vi her at Of. i M-g undgår å by seg beinveges fram til å hjelpa. Han berre
talar om at O. ville engan mann at spyrja. I K-g brukar han derimot gong
etter gong nemninga mik. - 317"11’ 23-26 Oddr segir: Pat-------leidrétti
malit M, Oddr segir: Nu--------leidréttask K. Of. har no i M-g snakka
frampå så lenge at O. omsider skjønar kva han vil. I M-g er det då O.
som vert den fyrste i samtalen til å røra ved den tanken at Of. kunne
gripa inn i saka. Vi har her ein framgangsmåte hjå Of. som vi skal møta
att seinare, at Of. passar på å lata motspelaren sjølv fyrst koma inn på