Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 57
55
det samtaleemnet som Of. eigenleg hadde tenkt å tala om, men som mot-
spelaren frå fyrst av har vori uviljug til å drøfta. I K-g har derimot Of.
alt lenge peika seg sjølv ut som den O. burde søkja til etter hjelp. I svaret
sitt i K-g let likevel O. som han ikkje merkar dette. Difor lyt Of. der
tilby hjelpa si heilt på eige initiativ og utan den psykologiske tilknytinga
til O.s svar som han har i M-g. - Då O. i M-g har snerta tanken om at
Of. kunne ha noko med saka å gjera, får Of. høve til å tala opi ut med
den rette tyngd og kraft. Det er som om han brått rettar seg opp, vert
ruvande og faderleg myndig. Vi står her ved det avgjerande omslaget i
tilhøvet mellom far og son, og dette omslaget speglar seg av i samtale-
tonen. Men denne atterspeglinga er kvorven i K-g. Her ber Of. tilbodet
sitt fram som eit meir varsamt spørsmål. - 3I11-12>26-29 Oddr segir:
Ekki-----målit M, hann segir: Ekki-------fengit K. I M-g sluttar O. med
å seia sårande ord etter at Of. har overteki leiinga. I K-g held han fram
med å såra Of. også etter at tilbodet er motteki. Dette er ei fylgje av at
orda nu mun frér at oskum ganga 3123-24 er innsette i K-g i staden for
frat er fro synna, at eigi verdi at frér gagn M 31 ~-8. Desse orda i M-g
korresponderer med fyrste delen av Of.s svar der han tilbyd hjelp, su ein er
etc. 318-9. Men i andre delen av same replikken reiser Of. spørsmålet om
pengane. I båe gjerder fylgjer så O.s svar på dette siste, ekki etc. I M-g
er såleis saka klår: Fyrst kjem Of.s overtaking av saka, deretter drøfting
av pengespørsmålet. Men utf. av K-g, som fyrst har skift ut orda om at
Of. ikkje tykkjest kunna vera til noko gagn - kan henda av vanvare -,
freistar å retta på dette ved å klemma dei inn etter omtalen av pengane:
en kynligt frykki mer etc. 3128. Men ved det vert både den logiske og den
psykologiske ordninga skipla. Den luten av samtalen i K-g som gjeld over-
taking av saka, vert sundsprengd av spørsmål og svar om pengane, og dei
sårande orda om at O. aldri har fått gagn av Of., som burde koma føre
omtalen av saksovertakinga, kjem no etterpå og sprengjer omtalen av
pengane i to delar. Jfr. 3112-13> 29-3°. Orda af frér hefi ek aldregi gagn
fengit 3128-29 er elles ikkje herre komne på rang stad, men representerer
og ei omforming av den opphavlege teksta som høver dårleg med innhaldet
i soga elles. O. hadde ikkje gjort seg fortent til å få nokon stønad medan
han var heime, og etter at han drog heimanfrå, hadde han ikkje vilja taka
imot nokor hjelp. Ordlaget ganga i målit 3112 finn vi att i M-g både då
Eg. og då Gell. vert med i Of.s plan (4817 og 5513). - 3112-15> 29-31
Som så ofte er det humoristiske momentet bortkomi i K-g. Orda margra
— féskjålg i M-t 3114 liknar eit ordtøke. Dei er i K-g avløyste av nasta