Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 59
57
nord eller aust for Øxarå1. — 327-8>26 dæm 8------reifingar M, K. Denne
staden stør den tolkinga av lovene at reifing gjekk føre seg etter at sokn
og vgrn var framførde2. - 328-12 hvat Itdr------buit M. Når utf. av K-g
har hoppa over dette avsnittet, heng det truleg delvis saman med at han
har nytta noko av innhaldet ovanfor i 302 4-2 5 og nyttar noko nedanfor i
samtalen med domarane i 322 9 3 °. Vi ser her korleis Of. i M-g på si vante
vis går systematisk til verks, kontrollerer dei opplysningane han har fått
av O. og sikrar utgangspunktet for vidare aksjon. — 3213’14,27 dominn
M, K, domhringinn M. I båe høve må her vera meint krinsen av domarar.
Når Of. kom innanfor den, kunne han tala med domarane meir uskipla
og utan at uvedkomande høyrde det. Om domhringr samstundes var ein
tydeleg avmerkt lokalitet, er omstridd3. — 3215-16>29-30 Ofeigr nuelti
---sonar mins M, hvat ferr-------Ospakr sekr K. I M-g går Of. varsamt
fram. Fyrst spør han reint ålment om resultatet av søksmålet. Då han får
vita det er negativt, forhøyrer han seg om dette negative resultatet er stad-
fest ved dom4. Denne skarpe distinksjonen er bortkomen i K-g, der Of.
nøyer seg med svar på fyrste spørsmålet, som han steller inne i domringen
i staden for utanføre. Men ved dette forsømer Of. i K-g å vissa seg om at
saka verkeleg kan førast vidare. Denne overføringa av fyrste spørsmålet
til samtalen inne i domringen er eit av døma på korleis den samtalen utan-
for domringen som finst i M-t 328-12, har vorti oppløyst og utnytta andre
stader i K-t. - 3216-19, 3231-3315 hvi gegnir-------brynt M, hv'i gegnir
— stal aSr K. K-t har eit tilsvar i 302 7-2 8. Ein må rekna det for mogeleg
at K-g har noko opphavleg i omtalen av stulda her og at dette er utf alli i
M-g. Men også i M-g er stulda medteken som grunn til å døma Osp.
nedanfor i 334, 341"2. Det kan då vera at førelaget til utf. av K-g har
hatt det same og at dette har vori opphavet til omtalen av stuld i K-g her
og i 3027-28. Trua på at denne omtalen er tilsett av han som forma ut
1 Kålund: Isl.beskr. I 111,114-115; Maurer: Vorlesungen V 309-310; M.PårSar-
son: Pingvollur s. 255; E. Arnorsson: Réttarsaga s. 81.
2 Jfr. Gråg. III 659 reifa mål med tilvis. Annleis Maurer: Vorlesungen V 450-
451.
3 Kålund: Isl.beskr. I 116-117; Gråg. III 595; ff. VII 321, merkn. 2, med tilvis.
Maurer halla til den meininga at det også var tale om lokal avmerking (Vorlesun-
gen V 310-315).
4 Etter Gråg. tykkjest det ikkje ha vori slik at ei sak utan vidare vart pådømd
straks prosedyren var slutt. Saker der det hadde vorti gjort innseiing mot provmidla
til ein av partane, skulle pådømast etter dei hine (Gråg. Ia 73; Maurer: Vorlesun-
gen V 440).