Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 61
59
tydde utlegd på Island ålment ei mindre pengebot. Når den „norske"
tydinga av utlagi unnataksvis finst i i.-s., lyt det koma av innverknad frå
norsk lovmål og skulle ordinært peika mot etterrepublikansk tid10. I
denne på Island fyrst seinare tilkomne tydinga omfatar ordet både sekjan
og drapan, som vi har i M-g i samsvar med rett eldre målbruk. Det ligg
nær å tru at K’s mindre korrekte utlaga er uopphavleg. Utf. av K-g har
då stytt teksta ved å finna ei meir abstrakt formulering som samlar dei
ulike førestellingane i seg. - 34:!_e, 3325~28 en pat-------laganna M, en
helzt----tvau K. Liksom Styrm. og f’or. tidlegare i M-g passa seg for å
nemna Osp.s namn, då dei tok opp forsvaret av den skitne saka hans, men
ikkje evar seg med å nemna han i K-g, slik undgår (5f. her i M-g å taka
oppatt det farlege helzt at Iggurn, men går i staden som katten kring den
varme grauten med pyntelege omskrivingar. Ja, han prøver til og med
å redusera verdien av denne lekken i eiden ved eit slag kritikk: sveigt
tyder i dette sambandet truleg „bøygd (eller „bøyeleg") bort frå det
rette"* 11. Mykje mindre diplomatisk er Of. i K-g. Der siterer han djervt
dei farlege orda på nytt, og vedgår samstundes beint fram at dette punktet
står i vegen. Reint formelt står M-t her høgre. Det sterke trykket som
vert lagt på orda sannendum ok réttendum overdøyver det andre og har
stor suggestiv kraft. Mot dette verkar K-t som ein turr og mager ekstrakt.
— 346-11, 3328—3431 sva mun--------komask M, en svd---------verdir K. I M-g
gjer Of. ei j amføring mellom ansvaret ved å setja seg ut over eit punkt
i eidsformularen og ansvaret ved å frikjenna den som er verd døden.
Tankeføringa er noko kunstig (med vilje?). Meininga tykkjest vera at
domarane i alle høve lyt bryta eiden dei har svori. Held dei seg til rett-
ferda, lyt dei bryta punktet om å døma etter loven; men held dei seg til
loven og frikjenner, har dei broti med eiden å døma rétt, og det er mykje
verre. Realitetar og moralsk rett er viktigare enn juridiske formalitetar12.
10 Lehmann-Carolsfeld: Die Njålssage s. 24-25; Maurer: Vorlesungen V 222-
229; Gråg. III 685-686. Maurer raeinte rett nok (Vorl. V 226) at når den norske
tydinga av ordet finst i sogelitteraturen, kan det vera leivningar av noko gamalt.
Men dette er ei gissing som ikkje har verdi utan at det i kvart einskilt tilfelle er
prova at vedkomande sogetekst reint ålment inneheld gamal „ekte“ tradisjon. Også
Heusler meinte bruket av ordet utlagr i i.-s. til dels kan representera gamal tradi-
sjon, men at det linne substantivet utlagi i Njål. (og visstnok også elles) er lån frå
norsk (Strafrecht § 80).
11 Jfr. sveigja Iggin el. rétlindin (Fritzner: s ve i g ja).
12 en er her teki for jamføringspartikkel. Dersom ein tek det for vanleg motset-
nadskonjunksjon, lyt ein underforstå noko for å få eit motsvar til komparativen.