Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 65
63
363-6.i6-i9 mlkla-----vélt M, heyrir fru----vélt med honum K. I K-g
same innleiing av samtalen som i 2727~28, der orda heyrir fru — heyri ek
sikkert er ei tilsetning av han som forma K-g. Ein kunne tenkja seg at desse
orda er opphavlege her og føregripne i 2727-28 frå denne staden. Det vert
likevel mindre truleg av di utforminga i K-g her ikkje får stønad av M-g.
Ein vil då helst tru at vi har å gjera med ei sjølvstendig utviding i K-g
på same vis som i 2727~28. Den forma Dor.s svar har fått i K-g, er truleg
grunnen til at neste replikk, med gissinga om årsaka til det uventa resul-
tatet av sakførsla, er lagd i munnen på Styrm., endå han høver betre i
den vise Por.s munn, — eit nytt døme på korleis konsekvensen i karakter-
teikninga er nedbroten i K-g. Med orda eptir likendum minner Por.
i M-g om den vonde aninga han målbar før hovdingane blanda seg inn i
saka (293-4). - I M-g er Styrm. framleies den mest aktive, den som
pressar på for å få revansje. Det høver med karakteren hans. I K-g er det
derimot den elles atterhaldssame Por. som fyrst tek til å tala om mottiltak:
ok er fro ngkkur i eiS hjålpin 3620. - Samanhengen seinare, i båe gjerder,
viser at sambandet mellom O. og Of. er ein løyndom for motstandarane
like til Of. stig fram i kap. 10 og tek seg av saka openljost. Styrm. og Por.
kan difor ikkje vita noko visst om at det er Of. som har gjevi domarane
pengar. Of.s inngriping er løynd. Por. herre gissar seg til at O. har hatt
kloke folks hjelp. Men indikativen i fé var borit 369 tyder på at Por.
veit muting har vori nytta, og at han skjønar pengane skriv seg frå O.
I K-g talar Por. derimot som om han både positivt veit kven som
har gjevi domarane pengar (er ggrt hafa), og kven som har lati Of.
gjera det (ok til hafa fengit). Dette får likevel ingen konsekvensar for
tilhøvet mellom hovdingane og Of. - Por.s opplysning om at muting kunne
vera grunnlag for ny rettssak, har stønad i loven, der det er føreskrivi at
slike saker skal appellerast frå fjerdingsdomstolane til femtardomstolen1.
I K-g lyt ein likevel stussa ved orda t eid. Dette kan knapt gjelda domar-
eiden, men heller eiden til saksøkjaren, då han no skal ny ttast til grunnlag
for søksmål mot O. Etter Gråg. inneheld den vanlege domareiden ikkje
noko om pengemuting. Det gjer derimot eiden til domarane i femtar-
domstolen2 3. På same vis inneheld den såkalla fimmtardomseidr ålment,
både den som vert svoren av dei som fører fram sokn og av dei som fører
fram vgrn, serlege forsikringar mot muting3. Men slike forsikringar
1 Gråg. Ia 78; jfr. Njål. kap. 144.
2 Gråg. Ia 72, 82.
3 Gråg. Ia 79-81; jfr. Ib 74.