Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 66
64
tykkjest ikkje ha høyrt til i dei tilsvarande eidane for fjerdingsdomstolane.
Dette får stønad av Njål., der klagareiden einast for femtardomstolen
inneheld forsikring mot muting4. Når eiden er omtala her i K-g, kjem
det då truleg av at saksøkjareidane for fjerdingsdomstolane og femtardom-
stolen har vorti samanblanda. No tykkjest han som forma soga vår, ha hatt
relativt god greie på rettsstell. Det vert difor mindre truleg at han ville
lata den lovlærde Por. grunna nytt søksmål på ei samanblanding av dei
to slag eid. Denne samanblandinga har heller utf. av K-g vori meister for.
- Båe gjerder inneheld Por.s ord om at oppattrettinga av nederlaget ikkje
ville kunna skje brått. Det Por. no har planar om, må vera eit søksmål
for femtardomstolen5. Dette kunne visstnok gå føre seg på same tinget,
slik vi ser det i Njål. kap. 1446, jamvel om saker for femtardomstolen
ordinært skulle lysast alt i byrjinga av tingtida, vel føre domstolen hadde
komi i funksjon7. Når Por. ikkje trur seg til å kunna fremja søksmål mot
O. på same tinget, må det då truleg ha ei serleg forklåring. Ein skulle
helst tenkja seg at det heng saman med makttilhøva. O. er så mektig, at
Por. og Styrm. ikkje kan reisa sak på eiga hånd. Dei lyt fyrst sikra seg
stønad frå andre hovdingar. Men jamvel om hovdingane slår seg saman,
har dei ikkje makt til å improvisera eit søksmål. Samansverjinga deira er
løynleg til å byrja med. Fyrst etter lang og grundig førebuing vågar dei
å taka kampen opp mot O. på neste ting, der dei møter med serskilt stor
mannemakt. - 361 °> 23-24 „pa er" M, på er------réttask K. Desse orda i
M-g lyt vera ein leivning av noko fullstendigare. Papirhskrr. og tidlegare
utgjevarar har retta til pat er. J. Helgason gissar på svå er som ei av dei
rettingane som er mogelege. Ein kan likevel tenkja seg at det her i M
skal lesast på er, og at dette er leivningen av noko som har svara til
Styrm.s replikk i K-g. Førelaget for M-t kan ha hatt heile den replikken
vi no finn i K-g, eller t. d. på er vænt um, slik at herre to stutte ord er
utfalne i M-t. Bortsett frå dette punktet er M-t klår og kan godt vera
rett. - 3610“12> 25-27 ganga---målstefnu M, er nu-------menn K. Orda
til M-g om tilhøvet mellom sambandsfelagane let seg noko på veg sanna
om ein granskar tilhøva historisk. Etter M-g var alle sambandsfelagane
4 Njål. kap. 142-144; Maurer: Vorlesungen V 496.
1 I soga står ingen ting som hindrar oss i å tru at saka vart innstemnd for femtar-
domstolen. Om dette jfr. G. Vigfusson i Safn I 491; K. Maurer i Germania XIX
448; B. M. Olsen: Um islendingasogur s. 264.
0 Jfr. Gråg. III 605 fimtardomr.
7 Gråg. Ia 78; III 644 lysa 4.