Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 67
65
anten vener eller sambundne ved giftarmål. Dette høver med sogeteksta
elles. Av den er det tydeleg at Styrm. og tor. er vener, like eins Eg. og
Gell. Om tilhøvet mellom seg og Herm. seier Eg.: Hermundr er mer
næstr, ok er illa med okkr M 4810-11. I K-g er ikkje fiendskapen beint
påpeika på den staden, men kjem så mykje klårare fram i 4620~23. Men
om Herm. og Eg. er uvener, så er dei likevel tengdamenn. Mor til Eg.
og kona til Herm. var systrer. Styrm. og Herm. var og tengdamenn, like
eins Gell., Skegg-Broddi og Jårnskeggi8. Om verkeleg skyldskap mellom
nokre av sambandsfelagane har vi derimot visstnok ikkje opplysning andre
stader. K’s frændr og frandsemi eda mægdir er difor truleg utvidingar,
medan tengdir er innkomi som ei etterpåvøling i K-g, av di tengdamenn
fyrst er oversprungi. At dette er rette samanhengen, vert og stadfest av
komposisjonen til K-t her. Orda ok våru-----eda mægdir 3720~21, som
høyrer til presentasjonen av sambandsfelagane, er skild frå den ved pessir
åtta----tal og sprengjer sjølv fråsegna om avtalemøtet i sund. I M-g
sameiner derimot innleiinga til omtalen av avtalemøtet seg naturleg med
den fylgjande skildringa av møtet utan avbrot. - 3612—372, 3627-3720
par var----Pdrarinn M, par var------Laugardal K. Opprekninga av dei
tilkalla hovdingane er ordna med klår plan i M-g. Fyrst kjem den eldste,
rikaste og mektigaste, Herm., dinest Gell., som er den mest vidgjetne
hovdingen av dei hine. Deretter kjem dei andre, opprekna etter heimstad
slik at ein fylgjer kysten av Island rettsøles og slik at den mest stakkars-
lege hovdingen vert nemnd til slutt. Initiativtakarane Styrm. og Por.
står i ei serstode utanfor denne opprekninga. Ei geografisk ordning som
svarar til denne, har vi og i oppteljinga av hovdingar i M-g i Of.s samtale
med Gell. i kap. 9 (537~1G) og i K-g i Of.s samtale med Eg. i kap. 8
(4523-3°). j)et- er difor ingen tvil om at denne måten å telja opp hovd-
ingane på går attende på sjølve sogemannen. Då det ikkje elles har vori
råd å påvisa nokon tendens til „føregriping“ i M-g, er det lite truleg at
skipnaden i M-g her representerer nokon påverknad frå kap. 9. Ein vil
då helst tru at ordninga til M-g på denne staden er den opphavlege. K-g
bryt heilt med denne skipnaden etter rang og bustad, og det på trass av
at det nett er K-g som nemner namna på bustadene eller heimstadene.
Men K-g har på si side eit slåande samsvar mellom rekkjefylgja her og
rekkjefylgja i Of.s tale til sambandsfelagane i kap. 10. Der er rada:
Styrm., Por., Herm., Jårnskeggi, Skegg-Broddi, Gell., Porgeirr, Eg.
8 Sjå !f. VII s. lxxxi-lxxxii.
5 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII