Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 71
69
melding om stemningsførebuingane gav O. høve til å samla folk. Orda i
M-g om at O. hadde mart manna fyrir 388, forklårar at O. ikkje straks
vert tvinga til å gå med på sjålfdæmi, men at saka lyt førast vidare på
tinget. - 3820>31 Oddr segir: Mikils------furfa M, Oddr fagnadi K.
M-g viser at O. framleies er like ovmodig trass stemninga og ingen ting
har lært. Dette gjev Of. grunn til å spørja etter planen hans. I K-g gjer
derimot opplysninga om hovdingsambandet så sterkt inntrykk på O. at
han tagnar. Her er såleis O.s barnsleg-ovmodige karaktertype mindre
„rein“, og samstundes den psykologiske bakgrunnen for Of.s etterfylgjånde
spørsmål mindre klår. - 3821>32 fitt rad M, rådit K. Ordet fitt i M-g
har ei serleg vekt i denne samanhengen, då Of. no stemner mot å visa O.
at han ikkje kan greia seg på eiga hånd, men lyt ha hjelp. - 3822>32 bidja
M, krefja K. Ordvalet høvelegare i M-g, då O. i ein slik situasjon ikkje
ville kunna gå fram med mynde, men heller måtte tala spakt. - 383 3 ok
gefa feim fé til K. I soga elles og i M-g her er det Of. som er den som
veit råd og finn på kva som skal gjerast, når han og O. samarbeider. Men
i K-g vert no O. den fyrste til å gjera framlegg om å skaffa stønad ved
hjelp av pengegå ver, — endå eit døme på utvisking av konturane i person-
skildringa. - 3823-395, 3833—3921 Ofeigr segir: Pat - - af fingi M,
Ofeigr svarar: Ekki----landa K. I M-g fullfører Of. eksaminasjonen og
tvingar fram den avgjerande kapitulasjonen hjå O.: hvat er få til rådsf
Denne vedgåinga av hjelpeløyse er føresetnaden for at Of. atter kan gripa
taumane i O.s saker. I K-g er dette bortkomi. Her blandar Of. seg inn
heilt eigenmektig, før det i det heile er visst at O. får bruk for hjelp (hovd-
ingane har enno ikkje gjort alvor av å reisa rettssak), og utan å vera
spurd av O. I K-g får O. vidare pålegg om å draga til utlandet medan
tinget står på. Dette står i strid med det som er fortalt i K-g seinare,
m. a. i 6823-24, som viser at O. vart verande i landet under tinget19. I
M-g er det derimot fullt samsvar mellom Of.s råd og O.s handlemåte.
Einkvan ville kan henda seia at um fingit i K-g kan stå berre til busk, og
at halt i brott gjeld tida etter tinget. Oppfata på denne måten ville rådet
likevel føregripa ein uheldig utgang av tingstriden. Det strider mot alt
som hender etterpå. Utforminga av rådet til Of. i K-g her lyt ha sin grunn
i at utf. av K-g har lesi dei fylgjande kapitla, der Of. talar til Eg. og
Gell. om at O. kan henda har siglt sin veg, og meir eller mindre uvil-
“ Etter Gråg. kunne ein skoggangsdom mot O. fyrst eksekverast når tinget var
slutt (Gråg. Ia 83). Men der er og rekna med at folk kan røma unna domen til
utlandet med godset sitt (Gråg. Ia 94).