Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 74
72
måten er sambandet mellom O. og Of. løynt så lenge Of. har bruk for
det, og kan ingen stå i vegen når Of. seinare heilt uventa grip inn i saka
med forlikstilbod. I K-g lyt vi slutta oss til innhaldet i desse orda ut frå
samanhengen. Slike slutningar høyrer med til god sogeteknikk når det
gjeld sjelsrørsler, løynlege brotsverk o. 1., jfr. sauetjuvnaden her ovanfor.
Men i dette tilfellet har vi å gjera med ein lekk i ein handlingsmekanisme
som ikkje kunne vera underlagd noko slags mystikk. Det ligg difor nær
å rekna med bortfall i K-g her. - 4011-12 byr hann-------farnir M. M-g
har her eit oppattak av det som var opplyst i 399. Fyrste gongen hadde vi
likevel ei tilleggsopplysning om at O. skaffa seg mannskap. Det måtte
høyra til dei fyrste førebuingane. Denne gongen har vi tillegget t Hruta-
firdi, som kan henda tyder at skipet vart sett på vatnet. Eit så openbert
tiltak måtte sjølvsagt venta til hovdingane var ridne sørover. Utf. av K-g
kan ha tykt dette var eit unaudsynleg oppattak, etter di han nemner føre-
buingane berre ein gong (i 3927). - 4013 bud sinni i M-g er påfallande,
då Of. er tingmannen til Styrm. og etter Gråg. normalt skulle halda til
i bua hans. Etter Gråg. kunne likevel tingmannen unnataksvis bu andre
stader7, bud sinni kan elles og tolkast som „bua han høyrde til i“ i staden
for „bua han åtte“8. - Skildringa av Of. her har jamt vori halden for eit
av dei typiske døma på „innskot" i M-g. At ho lyt vera opphavleg, er vist
nedanfor s. 138 f. Denne skildringa tener m. a. til å utdjupa biletet av
kor vonlaus situasjonen var for Of. då han skulle skrida til verks på tinget.
Heile denne humoristiske og klårt åskodlege skildringa av Of. og korleis
han får Eg. i tale, har vorti sterkt forgrova og forenkla i K-g. - 4018~19>31
budar Egils Skulasonar M, Myramanna budar K. Uttrykksmåten i K-g
verkar fortruleg og tykkjest ha lokalfarge, er kan henda eit utslag av den
„vest-islandske“ interessa som er eit sermerke for K-g. - 403 2 virkinu K.
Cederschiold9 og Kålund10 gissa på at Myramanna bud og den i Njåls s.
omtala Virkisbud har vori same bua* I 11. J. SigurSsson meinte fleire buer
annan (Gråg. Ia 128). Alle saker som ein ville ha fram på tinget, skulle kunn-
gjerast i tingbyrjinga av saksøkjarane, og dei saksøkte eller deira representantar
melda seg og gjeva opp tingfeste. Men loven reknar og med tilfelle då den saksøkte
ikkje er til stades og ikkje er representert (Gråg. Ia 47).
I Gråg. Ia 44.
8 Jfr. Kålund: Isl.beskr. I 100.
" Utg. 1874 s. 21.
10 Kålund: Isl.beskr. I 107.
II Om FirkisbuS Kålund: Isl.beskr. I 105-106.