Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 79
77
Gell. - 467 Orda ok mest æsa målit i M-g viser korleis vonbrotet til Eg.
no vender seg om til vreide mot dei som har gått i brodden for saman-
sverjinga. Dette barnlege, men livsnære psykologiske draget er kvorvi i
K-g. Der er det berre fiendskapen sin mot Herm. som Eg. tenkjer på. Her
er atter eit døme på den serlege interessa for Herm. i K-g. Vi legg og
merke til at garden til Herm., Gilsbakki, er nemnd i K-g, i samsvar med
den ålmenne tendensen til å skyta inn opplysningar om stader. Ein kunne
likevel synast at det hadde høvt betre at dette gardsnamnet hadde vori
med då Herm. vart nemnd fyrste gongen, i 3628, der namnet på garden
til fleire av sambandsfelagane er nemnt. — 4622-23 Eg.s ord om tilhøvet
hans til Herm. i K-g, illa hefir lengi med okkr verit, har tilsvaret sitt i
M-g i 4811. På staden i M-g høver dei utan tvil betre, for der skal Eg.
velja kven han vil ha med seg av sambandsfelagane. Der er det naturleg
at han kjem med ein merknad om tilhøvet sitt til den som er på tale. -
46 8-13 6feigr malti: Pat mun---bandamgnnum M. Desse orda er vik-
tige psykologisk til å skapa den fortrulege tonen i samtalen som danar ein
naturleg opptakt til pengemutinga. Men det er inga handling i dei, og
det kan vera grunnen til at dei vantar i K-g. — 4614>24-25 Egill brå til
augum M, rennir hann augum til, Egill K. K’s rennir finn vi tilsvaret til
i M 3414. - 4627 utan veggjar K. For ein gongs skuld kan ein tykkja K-g
er meir plastisk og morosam enn M-g. - 472>18 skikkjuskaut M, kné K.
Konkret åskodleg i M-g, meir ålment uttrykk i K-g. I K-g slår Of. fyrst
pengane over i fanget til Eg., tek dei deretter opp og viser dei fram.
Korleis denne skipnaden kunne koma opp, vert skjønleg når ein jamfører
det tilsvarande som er fortalt i M-t 3417-18. Der tørner Of. pungen og
tel opp pengane for augo på domarane. Dette er utelati i K-g der. Men
utf. av K-g lyt ha hugst denne skildringa, og etter at han i samsvar med
førelaget har skrivi her at pengane hamna i fanget til Eg., har han så
klemt inn eit tilsvar til skildringa i 3418. — 474’20 mdlinu M, K. Her og
seinare i dette kap. er dette ordet ikkje nytta om rettssaka, men om planen
til Of. - 4720-22 pvi at pér--hlut i K. Desse orda i K-g høver å sjå
til ikkje ille som ei vidare utvikling av kvifor pengane vert gjevne som
venegåve: Of. likar Eg. betre enn dei hine sambandsfelagane og vil difor
hjelpa han ut or knipa og gjera vel mot han. Denne grunngjevinga er
likevel mindre vel plasert enn det tilsvarande i M-g, orda en pat pykki
mer illa---bandamgnnum i 4611"13, som kjem som ei siøg psykologisk
førebuing av mutingsfreistnaden. Vi har her sikkert å gjera med ei etter-
påvøling. Jfr. godan hlut i M-t 4611-12 med gods hlutar på denne staden