Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 83
81
SteinJjorr på Eyrr, den andre med Gell. Desse to kunne såleis ikkje vera
unge og gifteferdige på denne tid, men vert i K-t sette på line med døtrene
sine! Her har vi utan tvil eit nytt innskot i K-g3. - 5011-12>28 eda hversn
---dætr ngkkurar M, åttu ngkkurar dætr K. I K-g talar Of. som om
han siett ikkje veit at Gell. har døtrer, endå han og Gell. er kjende (og
han etterpå kjem med friing for O. når det gjeld den eine dottera, som
han då kjenner namnet på). I M-g er replikken derimot logisk forma etter
innhaldet elles. Nektinga eigi gjer at spørsmålet ventar stadfestande svar.
- 5J5-6,17-iø tel ek par------Styrmisson M, par tek ek--------Asgeirså K.
J. SigurSsson gissa på at son Hallsteins i K-g er oppkomi ved at det i eit
førelag har stått Hall son Styrmis, men at Hall har stått over lina og i
avskrifta har vorti ført ned bak son, samstundes som Styrmis har vorti
mislesi steins4. Denne forklåringa har vori ålment godteken. frå Asgeirså
er sikkert ei av dei mange utvidingane i K-g når det gjeld stadnamn. -
516-8,19-21 mala pat------mannvcenligr madr M, mala menn----------mgnnum
K. I M-g talar Of. om O. som sonen sin og emneleg kar, men ikkje om
samfunnsstillinga hans. I K-g er derimot samfunnsstillinga det einaste Of.
nemner. Dette kan hanga saman med at Gell.s krav til friarane om at dei
må vera vel mannadir sjålfir er borte i K-g. Men samfunnsstillinga til O.
er nett det som hadde irritert hovdingane, allvisst Styrm. og f>6r. Det er
difor mogeleg at det ikkje er tilfelleleg når Of. teier om dette i M-g. -
5123-5218 ok eru hér — bådir K. Utf. av K-g endevender heile den siøge
slagplanen til Of. Både når det galdt å vinna domarane og Eg., er i båe
gjerder pengane den trumfen Of. legg opp til slutt etter at alle motføre-
stellingar er fjerna gjennom overtydande argumentasjon. Dette skjemaet
fylgjer han også her i M-g, der utviklinga av samtalen skrid fram logisk
og planfast mot det avgjerande vendepunktet, då Gell. gjev seg. I K-g
kjem derimot pengane her i byrjinga av samtalen. Dette gjer at dei misser
funksjonen som avgjerande argument, og Gell. lyt vinnast gjennom ei
overteljing etterpå der Of. også grip til å minna om pengane på nytt.
Denne skipnaden er mykje dårlegare sett frå kunstnarleg synsstad og så
rotut og kunstig at han ikkje kan vera det opphavlege. Tekstdelen vår
her i K-g lyt vera føregripen frå det som vi finn i M-g i 549-15, men er
avstytt og omlaga, m. a. slik at pengesummen er tvidobla. Slik auking av
tal kjem, som nemnt (s. 38), ofte føre i sogeomlagingar. Men dei tal-
3 At Steinjrørr og Gell. hadde døtrer, slik båe gjerder seier, er elles ikkje opplyst
i andre kjelder.
4 Utg. 1874 s. 22.
6 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII