Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 84
82
omlagingane som vi elles finn i K-g, viser ikkje nokon gjennomførd ten-
dens til auking (jfr. s. 286). Meir truleg er det at talet er auka i K-g
av ein serleg grunn. I M-g gjev Of. to hundre i sølv. Det må vera kjøpe-
summen for brura, mundr, som i dette høvet vert betalt til formyndaren
med det same festarmålet vert avtala. I M-g lovar Of. vidare at O. sjølv
skal gjeva brura heimanfylgje. Det måtte vel tyda at Gell. slapp å betala
noko, men at O. plikta seg til å foræra kona si ein midel som skulle svara
til heimanfylgja. Heimanfylgja var, allvisst i seinare tid, gjerne det dob-
belte av mundr, og skulle då i dette tilfellet verta fire hundre i sølv5.
Dette må og utf. av K-g ha rekna ut. Men det har ført til at han har
føregripi hendingane. Han gløymer å taka med mundr-tn. I staden let han
heile summen vera heimanfylgje og let den verta betalt før giftarmålet er
avtala. Ein feil i K-g er kan henda og pat framføre forverkum, som ikkje
piar høyra til i dette ordlaget6. - 511 °—528, 5218-21 ja, segir hann------
pessi yfir M, Gellir segir----tidrætt K. Ei rad dialogreplikkar sameinte
til ein replikk av Gell. i K-g. I M-g er Gell. sers høfleg og omsynsfull og
døl den fulle meininga si i byrjinga, slik at Of. lyt hala ho ut av han litt
om senn. Men samstundes får Of. høve til å falda ut ordhegda og over-
talingsevna si. I K-g kjem Gell. med det heile utan å vera provosert, og
vert såleis grovare i teikninga. en pii ert mjgk fépurfi M 524-5. Jfr. ovan-
for til 4313-14. - 5210-12’ 22-25 Gellir segir - - Pat gjarna M, Gellir
segir----vil ja annarra K. K-g inneheld element som Iikjest noko vi finn
seinare i dette kapitelet i M-g: lét ek petta---i skapi 544-5. Desse orda
viser at Gell. tek til å mjukna. Dei høver best på staden sin i M-g, der
dei kjem etter at Of. har skræmt Gell. med hårde trugsmål. Den replikken
til Of. som i K-g kjem nærast framføre staden vår her og som står i båe
gjerder, getr pu etc. K, gettu etc. M, er ikkje skikka til å mykja Gell. så
lenge han ikkje er nærare grunngjeven. I M-g ser vi då og at Gell. fram-
leies (i 5210-12) står fast imot. - 5225-27 6feigr segir: Vdrkunn----------
fjarupptgkuna K. Denne replikken må vera innkomen i K-g i staden for
en pu ert mjgk fépurfi, som står ovanfor i M-t 524-5. Orda i M-g er vik-
tige i den „psykologiske krigføringa" til Of. Dei skal visa Gell. kor naud-
synleg det er for han å få ein rik måg, slik at han vert meir viljug til å
gjeva etter. Replikken i K-g vantar denne funksjonen og er i staden nytta
5 Jfr. Gråg. III 652-654 mundr; ff. XII 9, merkn. 3. M-t kan mogeleg tolkast
slik at dei to hundre skulle dekkja både mundr og heimanfylgja. Men det er ikkje
rimeleg, då også Eg. får så mykje som to hundre.
s „ovanligt — och bor må handa strykas" (utg. 1874 s. 22).
J