Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 90
88
men lit på flokkane til Eg. og Gell., jfr. 5810'11’28. Endeleg ville hjelp
frå ein eigen frendeflokk berre gjera dåden til Of. mindre. Det er nett
det at han greier det utrulege å vinna på motstandarane utan andre middel
enn sin eigen sløgskap og pengane til O., som er det meistarlege ved det
Of. utrettar både her og tidlegare i soga. I M-g ser vi og at Of. fram-
leies kamuflerer planane sine. Han hjelper Styrm. og hor. med å samla
folk, og hindrar på den måten mistanke. Kan henda har han og ei løynsk
giede av å Stella det slik at så mange som mogeleg vert vitne til sigeren
hans og den uhøyrde skandalen for sambandsfelagane. - I M-g ser ein
elles at Of. grip ordet straks folket er samankomi, i K-g fyrst er menn
hgfdu nuelt målum sinum 5631-32. Denne setninga kan jamførast med
Gråg. Ia 209. Der står det at når lovseimannen er utnemnd, skulu menn
ganga til Iggbergs, ok skal hann (d. e. lovseiemannen) ganga til Iggbergs
ok setjask i rum sitt ok skipa Iggberg perm mgnnum, sem hann vill; en
menn skulu på mæla målum sinum. Det siste set V. Finsen om med og
give de Mænd Plads paa Lovbjærget, som han vil, men Folk skulle da
fremføre deres Anliggender". Denne tolkinga av mæla mål sin høver med
at domstolane ikkje var på lovberget. Lovberget var derimot plassen for
offentlege og private kunngjeringar (s. 62). er menn hgfdu malt målum
sinum i K-g tyder då truleg at folk var ferdige med kunngjeringane sine.
Denne setninga kan vera innsett etter t. d. Egils s. kap. 82, der ein skilsdom
vert kunngjord i pingbrekku og er menn hgfdu par mælt Iggmålum stn-
um2. Kvifor Of. i M-g grip ordet straks, er ikkje klårt. Men ein kan
tenkja seg at denne framskotne stillinga på „dagsordenen" skulle høva med
at søksmålet mot O. var den mest omtala saka på tinget, og at saksøk-
jarane var dei mektigaste hovdingane. - Of. grip no brått inn i ei rettssak
som han ikkje har hatt noko med før, og gjer seg eigenmektig til varamann
for O. Det ser ut som sogemannen har meint dette utan vidare kunne gå
føre seg, vel for skuld den nære skyldskapen mellom O. og Of., endå det
før er sagt med reine ord at O. hefir engum manni um sitt mål bodit
4010-11. Etter lovene måtte den som fekk i stand forlik for ein annan,
godtgjera at han hadde fullmakt til det, ved å føra fram vitne3. Men her
er det og grunn til å minna om den føresegna at for fråverande saksøkte
som ikkje hadde fått nokon til å taka opp forsvaret for seg, kunne kven
som ville, krevja vernekvid4. Var slikt tillati i den offentlege prosess-
2 ff. II 287 (der rett nok tale om eit vårting). Jfr. og her nedanfor s. 266.
3 Maurer: Vorlesungen V 682.
4 Jfr. s. 47.