Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 93
91
forliksvilkåra og at han ville ha evne til å betala. Difor går det lett å
skaffa kausjonistar. - 588-10’25-26 nu er svå------flokka sina M, ok nu
mælt'i----synisk K. Dette alt delvis føregripi i K-g i 5731-5818. Det
at handsalet går føre seg ved lovberget, kan vera som ei offentleg stad-
festing på at søksmålet er bortfalli. Den fylgjande oppnemninga av skils-
domarar skulle ein tru var rein privatsak. At alle no likevel går opp til
vollane, der dei offentlege domstolane heldt til, lyt ha ei serleg for-
klåring. I og for seg var det ingen ting i vegen for at ein skilsdom
kunne verta avsagd på lovberget, slik vi ser det i Qlkofra Jr. kap. 3 (jfr.
og ovanfor s. 88). Men i denne samanhengen er det viktig at lovene
tillet blodhemn inntil neste Allting for nidviser kvedne på lovberget9.
Dette kan forklåra at dei fylgjande forliksforhandlingane, der str. 4 og 5
er innfletta, ikkje kunne gå føre seg på lovberget. - 5811-12’29-32 sctjask
nidr----hringinn M, på mælti Ofeigr-------gera svå K. I tidlegare utgåver
av M-t har det vori sett komma framføre setjask. Då lyt ein oppfata teksta
slik at det berre er flokkane til Eg. og Gell. som set seg ned i ring. Of.
stig inn i denne ringen og talar derifrå verna av desse hovdingflokkane.
Denne tolkinga kan søkja stønad i det at flokkane til Eg. og Gell. går
opp til vollane i eit fylgje for seg. Men dette kan og vera av di Eg. og
Gell. vil ha styrkane sine samla til vern når dei hine hovdingane får greie
på utbrytinga deira. Jfr. Gell.s ord til Eg. i M-g seinare: pat vil ek, at
vit sem bådir saman vi8 okkrum mgnnum 684-5 og nu eru dylgjur miklar
686. Om ein tenkjer seg at Of. står inne i ein ring og hovdingane utanfor,
vert likevel arrangementet mindre naturleg som scene. Of. lyt då ropa
over hovudet på dei som sit i ringen. At ikkje herre mennene til Eg. og
Gell., men og hovdingane sit i M-g, går fram av Herm.s ord etterpå:
stgndum upp 637-8. Alt dette skulle tala for at skipnaden i K-g, der
hovdingane sit i ein ring med Of. i midten, er den rette. Dette gjev ein
praktfull scene. Men ein slik scene får vi og i M-g, dersom vi tenkjer oss
at subjektet for setjask ikkje berre er flokkane til Eg. og Gell., men alle
sambandsfelagane med flokkane deira. (Eit allir utfalli etter set jask ?)
Vi får då berre den skilnaden frå K-g, at dei som uttrykkjeleg vert bedne
setja seg i ring der, er sambandsfelagane. M-g lyt ein forstå slik at også
mennene til hovdingane (eller ein del av dei) sit i ringen. Men det er
vel tenkjeleg at når Of. i K-g seier bandamenn, så bør det tolkast slik at
(ein del av) flokkane gjer det same som hovdingane deira der med. Med
8 Gråg. Ib 184, II 393; 6. Lårusson i Samtiø og saga I 168-169.