Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Qupperneq 94
92
denne tolkinga av M-g bør det brukast ein kraftigare interpunksjon enn
berre komma framføre setjask. — 5812-14>32-33 lit ask um-----taladi sidan
M, hann gengr------ok mælti K. Denne festlege skildringa av Of.s triumf
har vi berre armodslege restar att av i K-g, men likevel nok til å visa at
noko tilsvarande til M-g har legi bak utforminga i K-g. Jfr. s. 138 f. I
K-g går Of. bort til kvar einskild av sambandsfelagane som han talar til,
jfr. 5830-31'32, 6127>30. Men dette høver mindre bra. Det er ikkje berre
til ein einskild mann Of. talar, men til heile „galleriet'1 av tingmenner
og annan almuge. Difor er det meir naturleg at han, som i M-g, står på
same staden, då vel midt i ringen, fritt og vel synleg. Då kan folket nyta
ikkje berre orda, men og synet. Den omskapinga av utsjånaden til Of.
som har gått føre seg her, er noko som må vera fuliført før han byrjar
den store talen. Difor er framstellinga i K-g, der han fyrst går bort til
Styrm. og så lagar seg til, uheldig, og sikkert rang. Det er tydeleg at Of.
no liksom kastar forkledinga og stig fram som den han røynleg er. Difor
skuvar han opp hetta, slik at alle fritt kan sjå andletet hans, medan han
før hadde hatt sida hettuna (301). I K-g let han hetta falla like bak på
herdane. Det er i samsvar med den vanlege tendensen i K-g til å gjera
tinga grovare i teikninga. Sjå og s. 94—95. Den mest underlege avlaginga i
K-g er likevel opplysninga om at Of. stod på kne og tala. Ein kunne
tenkja seg den forklåringa på dette at utf. av K-g har meint å lata Of.
håna Styrm. på denne måten. Men det høver ikkje med dei orda Of.
seier. Der er ingen ting av hykla audmykt, men berre djerv mannstale.
Ein kan likevel og tenkja seg at dette med knea beint fram har opphavet
sitt i at noko på denne staden har vori vondt å skjøna i eit førelag, og difor
har gjevi høve til mistyding10. - 5814> 34 par sitr pu M, gllum mun pat K.
M-g har sikkert den opphavlege byrjinga, jfr. tiltalen til dei hine sam-
bandsfelagane i K-g. Of.s tale til Styrm. i K-g inneheld føregriping av
drag frå tiltalen av Herm. etterpa. ok væri pat — at farit 5917-19 svarar
til M’s ok pat ætla----jafnæstr 5910-12. At ordet jafnæstr er føregripi,
vert stadfest ved at utf. av K-g har bytt ut dette med jafnodr 5928, når
han seinare kjem til det i førelaget i samband med Herm., sikkert for å
få variasjon11. Orda om å vera vel fallen til forliksdomar høver og betre
10 A. R. Taylor (Skirnir 1951, s. 174-175) freistar forklåra K’s stod a knjam
som noko opphavleg i B, ei etterherming etter Qlkofra f>.
11 Slik variasjon i samband med omlaging finst og andre stader der ei tekst er
omarbeidd. Jfr. S. B. F. Jansson: Sagorna om Vinland I 95, 115-116 („omvaxling").