Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 95
93
på den „store11 hovdingen Herm., slik M-g har det, enn på den småskorne
og tarvelege Styrm. - I tiltalen til Por. vantar det momentet i K-g at Por.
var den fyrste til å setja saka i gang i lag med Styrm. Men dette er både
noko som er så sentralt i soga og ei så vektig skulding mot Por. at det er
grunn til å tru det er opphavleg. - Då ein del av tiltalen til Herm. er
føregripen i tiltalen til Styrm. i K-g, har tiltalen her vorti ein del omlaga.
Om jafnodr jfr. ovanfor under tiltalen til Styrm. Tiltalen til Herm. er
klårare og greiare oppbygd i M-g, utan K’s logiske oppattak (fégirni -
ågirni 5927>30). I M-g er det fyrst tale om kor øst og pågåande Herm.
har vori, deretter om pengetilhøva, Herm.s gjerugskap og rikdom. I K-g
høyrer vi fyrst om gjerugskapen etter pengar, deretter om kor øst Herm.
har vori, deretter atter om pengetilhøva, rikdomen og gjerugskapen. Utf.
av K-g auser serskilt mykje av vondord og spott over Herm. Dette sam-
svarar med den serlege interessa for Herm. i K-g. - Slutten av tiltalen til
Jårnskeggi i M-g, en po skaltu eigi konungr yfir pessu måli vera 604 5,
går att nesten ordrett i slutten av tiltalen til Skegg-Broddi etterpå
(6012_13>27). Den tilsvarande finalen i tiltalen til Jårnskeggi i K-g er
mykje saftigare og heilt i Of.s ånd. Det er sannsynleg at slutten av tiltalen
til Skegg-Broddi i M-g er føregripen ved at ein skrivar har lesi på rang
stad i førelaget. Kombinerer ein lesinga til K frå nu skil ek eigi etc. 6018
med det som står framanfor i M-g (til og med konungum 604), vil ein
få stilistisk responsjon mellom metnaS, metnaår M og metnadi K, ein
figur som har vori framtredande i sogeteksta frå opphavet. Jfr. s. 181 f.
Det viktigaste lytet ved K-t er vel det at dei sedvanlege sluttorda ok kys
ek pik fra er plaserte inne i tiltalen i staden for i slutten. Dette tyder på
ei eller onnor form for omlaging. Ein kan tenkja seg at utf. av K-g noko-
lunde har fylgt førelaget til og med pik frå, men at han har lagt til ok
verå ek-----viråingunni 6019-21 for eiga rekning. Rett nok har vi stil-
istisk responsjon også mellom virding — virdingunni i K-g 6019>20"21.
Men denne responsjonen er ikkje så mykje å leggja brett på som hin, då
metnaår er det sentrale ordet i karakteristikken av Jårnskeggi. - Skegg-
Broddi er den av sambandsfelagane bortsett frå Eg. og Gell. som vert
minst avheidra. I kong Haraids ord, slik dei er refererte i M-g, har det
ikkje legi noko om kongedøme på Island. Men det er mogeleg at førelaget
til utf. av K-g har hatt til konungs fallinn å tslandi liksom K-t no. Utf.
av K-g har mistydd dette som „islandsk konge11. Dette har så dregi etter
seg orda at pu varir konungr å tslandi i K-g. - I tiltalen til kvar av
sambandsfelagane har Uf. hittil fylgt den regelen at han byrjar med noko