Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 96
94
ærefullt, som gjev vedkomande von om å verta utteken, men deretter slår
om til hånleg avvising. Gell. står i ei onnor stode enn dei føregåande, med
di han skal veljast. Difor byrjar Of. i M-g her med det nedsetjande fyrst
og endar med å rosa han. I K-g er denne finessen ved komposisjonen bort-
komen. Der vert også Gell. heidrande omtala i byrjinga. Orda vårkunn
er å vid pik, er pu ert félitill 60:iO har utf. av K-g alt føregripi tidlegare,
i 5226-2o. Men (jet er s£ lenge sidan at han kan henda har gløymt det no.
Uttrykksmåten i K-t er så lik i båe tilfelle at ein vert freista til å tru at
han har hatt denne forma alt i førelaget, som altså her har vori litt ulikt
M-t (serleg félitill for févani). Omtalen av Skegg-Broddi på denne staden
(6031) er mistenkjeleg. Soga melder elles ingen ting om at Skegg-Broddi
har gjort seg gjeldande for å få Gell. med på søksmålet12. Meir truleg er
det at K-g har fått ei utviding her, visstnok delvis ei føregriping av orsak-
inga for Eg. nedanfor i 623'7. Jfr. dei sams orda kalladr, réttlåtr og
<fren£--samansetn. Opplysninga om venskapen mellom Gell. og Skegg-
Broddi kan beinveges eller omveges skriva seg frå Ljosv. (jfr. s. 262f).
K’s nu kys ek pik ekki til, enda ekki frti 6123 er meiningslaust og i strid
med det som hender seinare, der det er tydeleg nok at Gell. er kørinn til.
Denne meiningsløysa må vera framkomen ved ei vyrdlaus samandraging
av teksta til førelaget. Jfr. i M-g en ek nenni eigi at kjosa få til, er ådr
hefi ek frå visat 612“3. - Porgeirr Halldoruson er tidlegare i båe gjerder
støtt nemnd med morsnamnet i tillegg. Denne sedvanen er fasthalden i
M-g også her, medan K-g denne gongen nemner herre førenamnet, kan
henda etter mønster av tiltalen til dei hine hovdingane ovanfor. At mors-
namnet til f>orgeirr så regelfast er med, heng kan henda saman med at
han var mindre kjend enn dei andre sambandsfelagane. Til f>orgeirr har
Of. ikkje noko heiderleg å seia i byrjinga slik som til dei andre hovdingane
som vert vraka. Han er så ynkeleg at det ikkje finst noko godt å nemna.
Vi legg elles merke til den kluntute periodebygnaden i K-g (fyrir f/vi at
---af f/vi at). I K-g er og den vanlege sluttsetninga bortkomen. - Strofa
vantar som vanleg i K-g. Det er mogeleg at ok f/okar kåpuhettinum er eit
slags utfylling i staden for strofa. Men det er eit livgjevande lite drag,
som i og for seg godt kunne vera opphavleg. Det høver betre til den måten
Of. ber hetta på i M-g, der ho sit på hovudet, enn til framstellinga i K-g,
der ho ligg bak på herdane (5832*33). Dette kunne tolkast slik at omtalen
12 Difor og liten grunn til med J. SigurSsson å setja pér framføre i målit (utg.
1874 s. 22).