Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 97
95
av hetta er noko som er bortkomi i M-g. Men jamvel om det berre skulle
vera ei utviding i K-g, forma etter det som var sagt om hetta i førelaget
tidlegare (jfr. 5812), stør det utforminga til M-g på den nemnde staden.
-61i 9-20,28-30 0j, fiefir — eigi fyrr M, j.bat ætla — halanum K. Prosa-
teksta i M-g er klår: Ulvane et kvarandre og veit ikkje ordet av, før dei
er komne til halen, finnask eigi fyrr at i K-g kan jamførast med ordlaget
finna e-n at e-u „finde, gribe en skyldig i noget1*13. Tyder vi verbet resi-
prokt, skulle meininga verta: „dei grip ikkje kvarandre i gjerninga før dei
har eti kvarandre og er komne til halen11. Meininga skulle altså verta om
lag den same som i M-g. Men rytmisk er M-t betre forma. Jfr. elles
s. 111-112. - 623-4 ok er honum pat vårkunn etc. M. Både når det gjeld
Gell. og Eg., dei to som vert uttekne, har Of. orsakingar i M-g. Dette
er sikkert noko opphavleg, men er bortkomi i K-g for Eg.s vedkomande.
Dette heng truleg saman med at det som i førelaget stod som orsaking
for han, i K-g alt delvis er oppbrukt i samband med Gell. og Skegg-
Broddi (jfr. s. 94). — 627-11’22~25 nu mun engum------frå kornir M,
verår nu---pik til K. K-g har same hovudresonnementet som M-g: Etter
di alle andre er fråtekne, vert det ikkje onnor råd enn å taka Eg. K-g
her, serleg motsetnaden kjosa til - kjosa frå, minner om Of.s ord til Gell.
i K ovanfor (6123). K-t har ymse oppattak: gllum er kunnigt 6221’24,
kjosa — til K 622 3-2 5, men vantar fleire viktige detaljar elles. Det oppatt-
tekne gllum----ilis at vån M 6121-621, 628-9 inneheld eit Iøynsk trugs-
mål mot sambandsfelagane, som utf. av K-g ikkje har oppfata. I K-g er
det berre tale om korleis Eg. vil duga til å døma: er gllum er kunnigt,
at eigi mun vel gefask 6224. Den listige og løyndomsfullt trugande tonen
held i M-g fram også i det fylgjande, der ordet slægri spår ilt. I M-g er
det likevel ein ting ein kjem til å stussa ved, det at Eg. ikkje er nemnd
ved namn. Då Eg. er den einaste som er att, er det ikkje absolutt naud-
synleg for forståinga at namnet hans vert sagt. Men ein kan ikkje rekna
det for umogeleg at noko er oversprungi i M-t. Det kan t. d. tenkjast at
namnet har komi i slutten av talen. Etter kornir 6211 har ein del papir-
hskrr. ok verå ek at kjosa pik, Egill el. likn.14 Denne utfyllinga høver
godt stilistisk. Etter den lange førebuinga, som har gjort det klårt for
alle kven det er tenkt på, kjem då namnet til slutt som ei forløysande
stadfesting, same stilistiske teknikken som vi såg tidlegare i skildringa av
13 Fritzner I 415 b (under finna).
14 Såleis i AM 568, 4to og andre hskrr. som har B-tekst av same typen.