Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 101
99
pykkja M, på segir Porgeirr------kulu hverja K. Naiviteten til J’orgeirr
lyser ut or alle desse banale orda som han i M-g spanderer på ein så
sjølvsagd ting. K-g er knappare, gjev difor mindre klårt uttrykk for
f>orgeirs karakter. Fleire stilistiske finessar i M-g er kvorvne i K-g, såleis
antitetisk responsjon mellom åmerkilig og merkilig, ordspelet merkilig -
marka, og det poengterande oppattaket av prettån. Det har vori fram-
haldi at Arnessleid i K-g truleg er rettare enn Rangårleid i M-g22. Dette
er likevel ikkje heilt visst. Bortsett frå at ei slik hending godt kunne gå
føre seg på eit anna ting enn det som f’orgeirr ordinært sokna til, kan det
og finnast onnor forklåring. Soga vår tykkjest vera utforma på Nord-
Island (jfr. s. 290-291). Det er ikkje visst at sogemannen hadde klårt
føre seg kva tingsokn Laugardalr låg i23. Utf. av K-g, som har haldi til
på Vest-Island, mykje nærare desse traktene, har kan henda kjent desse
lokale tilhøva betre og har retta etter det. — Då strofa er utelaten i K-g,
lyt også Eg.s svar falla bort. Men dette svaret er som ein fyndig konklu-
sjon på alt som har hendt, og gjev Of. den ros han fortener. - 684~6 på
malti Gellir----nu svå M. Desse orda tener til å karakterisera Gell. og
situasjonen, og gjev kan henda samstundes forklåringa på kvifor dei hine
sambandsfelagane ikkje hemnde seg medan dei var samla. Men dei fører
ikkje til ny dramatisk handling og er kanskje difor bortskorne i K-g. -
680-9,21-22
nu eru-----pinginu M, en fé-------pinginu K. Rekkjefylgja
betre i M-g. Skildringa av fiendskapen mellom hovdingane, fyrst den
ovanfor omtala senna, deretter tryggingstiltaka til Gell. og Eg. og endeleg
fråsegna om dylgjur, høyrer naturleg saman, medan lagnaden til godset
er ei sak for seg. Dette siste er i K-t sprengt inn i omtalen av hitt.
KAPITEL 1 1
6823 6feigr ridr norår, ok K. Dette innehaldi i siste perioden i kap. 10
i M-t; eit nytt døme på korleis dei kapitelskifta vi har i M-t er utjamna
i den kapitellause K-t. - 6917-22 nu skaltu------karleikum M, Ofeigr
segir---fargeefunni K. I M er det Of. som gjev O. pålegg om å sigla.
I K er det O. sjølv som finn på det. Vi kan tenkja oss at Of. i M-g har
22 ff. VII 355, merkn. 2.
23 Rangarleid og ArnessleiS må ordinært ha vori haldne på dei gamle vårtings-
stadene for desse tingsoknene, og mellom desse stadene var det stutt, berre 2-3
timars riding (Safn II 551). Om desse stadene jfr. og Kålund: Isl.beskr. I 195-196
og 219-220.
7*