Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 103
101
er ikkje sagt noko før om at O. hadde tenkt seg til Noreg. Lesemåten til
K-g skulle for så vidt vera naturlegare. Men utforminga i M-g kan tydast
som ein spøk: Kjøpmennene læst som dei trur O. er meint på å ro like til
Noreg. — 6910-11>29-31 Oddr segir------vår hér M, Oddr segir--------vår
bida K. I M-g svarar O. med knappmælt spøk. I K-g vert han litt tykkjen,
er mindre mannsleg. Utf. av K-g viser som oftare tilhug til å måla ut
kjensler. - 6913-14 Oddr kaupir par malt ok korn M. Denne opplysninga
forklårar delvis ærendet med sigleferda og let oss forstå kor storfelt eit
bryllaup det no skulle verta. - 6916 austanvedr M. Opplysninga om at
vinden snudde seg, trengst til å kunna skjøna at dei fekk god bør også på
heimferda. — 6916-701, 6933-702° ok sigla-------par fyrir M, foru aptr
— komu aptr K. Tidsrekkjefylgja betre fastbalden i M-g: Fyrst kjem O.
til PorgeirsfjprSr, deretter møter han kjøpmennene. I K-g omsnudd. par
i K-g noko uklårt av di ok koma å Porgeirsfjgrd er oversprungi. fåru aptr
— komu aptr, keiveleg oppattak i K-g. — 702>2° vestr M, nordr K. K-g
sjølvmotseiande. Ovanfor, i 694-5’ 23, har båe gjerder nordr å Porgeirs-
fjgrd, som gjeld sigling den motsette vegen, frå HrutafjprSr til Porgeirs-
fjprSr. Det range språkbruket her kan hengå saman med at utf. av K-g
er frå Midvest-Island og difor uvilkårleg set nordr framføre i Midfjgrd,
slik folk frå den landsdelen måtte gjera sers ofte elles. — 702-3 hafdi hann
— sjau vikur M. I båe gjerder har Of. gjevi O. fast tidsfrest for siglinga.
Denne opplysninga i M-g viser at fresten vart halden. Alltinget varde to
veker frå torsdagen i 11. sumarveka3. Of. kjem truleg heim frå tinget ein
gong i 14. sumarveka. Bryllaupet skal stå når det er att 6 veker av sumaren,
altså ved byrjinga av 21. sumarveka. På den måten vert det 7 veker til
sigleferda. - 707-8 pottusk menn-------å landi M. Denne skildringa av
bryllaupet høver med det som tidlegare er fortalt om at O. var den rikaste
mannen på Island (64-5>20-21). — G. Jonsson peikar på at fråsegna om
Eg. her minner litt om den vidgjetne skildringa av Egill Skallagrimsson
i Egl. kap. 55, der Egill er sturen til han får ein dyr ring4. - 701 °—712,
7026-7113 på mcelti Gellir----vinfengi M, på mælti Ofeigr------vid Egil
K. I M-g er det Gell. som rår O. til å gjeva Eg. større gåver. Dette kan
koma litt uventa, då det no elles er Of. som er den kloke rådgjevaren til
O. Slik må og utf. av K-g ha tenkt, med di han set inn Ofeigr for Gellir.
Siste perioden i K-g her, Gellir olli mjgk gjgfum vid Egil, viser likevel at
3 Gråg. III 581-582 alpingi; E. Arnorsson: Réttarsaga s. 27-35.
4 If. VII 359, merkn. 1. Likskapen er her størst mellom Egl. og K-g.