Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 105
103
safnar — lidi i M-g må vera noko opphavleg, som er kvorvi i K-g, der det
etterpå heiter ferr fra honum lidit. lidssafnadr var viktig til førebuing
av stortiltak som dette, ut i M-g svarar til utan i K-g 7117. Når dei
skulle fara frå Gilsbakki til Hvammr, måtte dei i byrjinga rida vest-
over mot dalmynnet og sjøen. - 7In-fi’1710 ok ætlar Valfelli M, ok
er hann-----Valfell K. M-g her litt knapp i uttrykket: Herm. har alt
i starten planar om å fara til Borg, som låg ute ved sjøen. Sogemannen
kan ha meint at stadene Hvammr og Borg låg slik til at det greidde
seg med eitt ut om leia frå Gilsbakki vestover til dei båe. Men også
frå Hvammr til Borg gjekk vegen (sørvestover) mot sjøen, altså ut.
Hvammr ligg vest for NorSrå3. Sogemannen kan då ha rekna med at
Herm. reid sørover på vestsida av elva, når han skulle frå Hvammr til
Borg. Namnet Valfell er no kvorvi. Men det er vanleg å tru at dette fjellet
var sør i dalføret, vest for Gljufrå, der fjellet Kambur har tre skar,
som til saman ber nemninga „skor3in“, jfr. skgrdin i K-g4. M. RorSar-
son tenkjer seg elles og at heile høgdedraget vest for Gljufrå kan ha bori
namnet Valfell5. I K-g vert utan i Valfell av Kålund tolka som „neden
til i V.“ eller „i kanten, randen, den nedre del af fjældet V.“6 G. Ceder-
schiold meinte at utan her kan koma av at dei no var byrja på heimvegen
frå Hvammr til Gilsbakki7. - 719-11'23-27 ok elnar--------Stdumula M,
ferr verkrinn - - Sglvasyni K. Om RorgautsstaSir, HpggvandastaSir,
SiSumuli og Reykjaholt jfr. Kålunds Isl.beskr. Etter M-g døyr Herm.
på RorgautsstaSir, etter K-g på Gilsbakki. Dette siste må vera ei omlag-
ing som er gjord av di presten har vorti identifisert med presten i Reykja-
holt. Beinaste vegen frå utlaupet av NorSrårdalr når folk skulle til
Gilsbakki, gjekk framom SiSumuli og heldt fram langs nordsida av
Hvitå til RorgautsstaSir og vidare austover. Mellom SiSumuli og Ror-
gautsstaSir er det om lag 3 km. i luftline og såleis lett å senda bod imellom.
Frå RorgautsstaSir til Gilsbakki er det ca. 15 km. Stuttaste luftlinevegen
frå Reykjaholt til Hvitå er kring 4 km. Men skulle dei senda bod til
Reykjaholt frå vegen langs nordsida av Hvitå, måtte dei både fara over
den store elva og deretter over ei fjellhøgd. Bod etter prest frå Reykjaholt
måtte difor trenga relativt lang tid. I samsvar med dette let utf. av K-g
3 Kålund: Isl.beskr. I 361.
4 Kålund i same arb. I 370; M. PårSarson i Skirnir 1917 s. 416.
5 Sklrnir 1917 s. 418.
“ Isl.beskr. I 370, merkn. 1; slik og F. Jonsson i utg. 1933 s. IX.
7 Utg. 1874 s. 24.