Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 106
104
Herm. leva til han er heimkomen, og let han venta på presten der. Frå
Reykjaholt til Gilsbakki er det kring 16 km. i luftline. Men vegen måtte
gå i krokar og krossa Hvitå, slik at Herm. i tilfelle laut venta ei god
stund på presten. Når Herm. skal leva så lenge, vert det ikkje bruk for
nokon stans på ForgautsstaSir, som er kvorvi i K-g. Men at dette namnet
har funnist i førelaget til utf. av K-g, er truleg av di HpggvandastaSir
er innkomi i staden. Denne garden låg litt vest for Gilsbakki, og Herm.
måtte framom der på vegen heim. For at omnemninga av ein gård på
heimvegen skulle få ein grunn, har så motivet med dei illevarslande
ramnane vorti innfletta. - Hovudgrunnen til ulikskapen mellom gjerdene
når det gjeld heimferda til Herm., tykkjest såleis vera den at Fordr Splva-
son er innførd. Ein lyt då spørja seg sjølv kvifor dette har skjedd. Å lata
ein prest verta tilkalla den lange vegen frå Reykjaholt til Gilsbakki herre
for å gjeva ahsolusjon skulle vera uturvande. Gilsbakki er kyrkjestad og
har frå gamalt vori prestebustad8. Det er vel liten grunn til å tvila på at
dette vidgjetne hovdingsætet har hatt eigen prest alt ved midten av det
11. h.å., den tida hendingane i soga er lagde til. Ei onnor sak er det at
dei røynlege historiske tilhøva knapt kan ha hatt noko å seia for det
brigdet i teksta som utf. av K-g har gjort. Det er uråd å tru at han har
seti inne med historiske opplysningar som ikkje vi no har i andre kjelder.
Tidlegare i dette arbeidet er det vist døme på at han fer vilt i sentrale
ting når det gjeld dei historiske tilhøva på den tida det her er tale om.
At K-g her skulle gå attende på ein serleg, litterært nedarva, historisk
kunnskap, må difor avvisast. Meir nærliggjande ville det då vera å gripa
til F. Jonssons forklåring, at skilnaden mellom gjerdene på denne staden
er nedslag av ulik munnleg tradisjon9. Utf. av K-g kan godt sjølv ha vori
frå BorgarfjprSr og kunne tenkjast ha kjent ein serleg lokal tradisjon
knytt til stadnamna, som veik av frå den tradisjonen sogemannen har bygt
på. Dette ville høva med den regelen at kjende personar har lett for å
attrahera segntilfang. Både Herm. og Forår kan ha vori så kjende at det
knytte seg segner til dei. Andre ting som minner om munnleg folketradi-
sjon, er ramnevarselet og tretalet (presten kjem tre gonger). Men heller
ikkje denne forklåringa er tvingande naudsynleg, ja ikkje ein gong den
mest nærliggjande, då utf. av K-g godt kan ha henta sin Forår Splvason
i Reykjaholt frå litteraturen. Både frå Landn. og Harå. kjenner vi ein
bonde frå Reykjaholt i denne tid som bar namnet Forår Sglvason, far til
8 S. Nielsson: Prestatal I (2. utg.) s. 130.
9 Utg. 1933 s.x.