Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 107
105
presten Magnus i Reykjaholt10. Då Magnus var prest, kunne det liggja
nær å gjera også faren til prest, seri eg om utf. av K-g „komponerte" etter
minnet, og det har han etter alt å døma gjort andre stader der han kjem
med „historiske" tilsetnader. — 7112—723, 7127-7226 ok er hann kemr-------
nu sagt M, ok er hann kom at--------andask hann K. Presten kjem for å
skrifta Herm. Det einaste Herm. får til å seia noko om, er den bort-
løynde skatten. At han har løynt den bort, er då truleg den hovud-
synda som har tyngt han mest. I M-g er presten hjå Herm. heile tida til
han døyr. Her går alt snøgt for seg, er einfelt og naturleg. I K-g lyt
presten fara att utan å ha fått taka imot skriftemål. Han vert henta
attende to gonger. Grunnen til at han såleis dreg bort og vert henta att,
går ikkje fram av forteljinga. Vi har då her eit tydeleg døme på utbroder-
ing av fråsegna ved hjelp av „det episke tretalet" (jfr. s. 287). Dette er
eit velkjent „folkeleg" drag. Men dermed er det ikkje sagt at det går
attende på munnleg tradisjon. Det folkelege kan og leva i skriftleg ut-
forming, serleg på Island. I dette høvet inneheld teksta dessutan eit anna
tal som heller tyder på at vi her har å gjera med „skriftleg variering".
Det er det talet Herm. seier før han døyr. M’s tvau hundrud er ein stor
sum, som gjev meining når det gjeld ein bortløynd skatt* 11. K’s fimm vert
derimot urimeleg lite. Vi lyt helst tru at dette talet er framkomi ved ein
feil i den litterære overleveringa. I munnleg tradisjon piar tala vera auka
heller enn minka i slike høve12. — Ved ofan til gils i K-g har J. SigurSsson
gissa på Haukagil ved Hvitå vest for Gilsbakki13. Men både når det gjeld
10 Den kjende presten Påll i Reykjaholt (død 1185) var etter Landn. 164 (i
Hauksb. og Melab.) son til Sglvi Magnusson. Denne Magnus var etter Landn. 91
også ættfar til Sturlusønene og etter HarSar s. kap. 11 prest og budde i Reykja-
holt. Far til Magnus var etter alle desse kjeldene PorSr Sglvason, som må ha
levt på den tida som hendingane i soga vår lyt setjast til. Vi må difor tru at
G. Jonsson har rett når han meiner det er denne PorSr Sglvason det er tenkt på i
K-t. (ff. VII s. lxxxii og 361, merkn. 1). Etter Landn. 91 het også farfar hans
PorSr Sglvason og budde i Reykjaholt. Men desse to namnane tykkjest ha runni
saman til ein i ættelistene i Hauksb., Sturl. og HarSar s.
11 tvau hundrud må vera det same som tvau hundrud silfrs, same summen som Eg.
og (i M-g) Gell. får av Of. Også dette kan tyda på at talet i M-t er det rette.
a J. Helgason meiner fimm kan gjelda fimm hundruS. Då får vi auking i tradi-
sjonen om dimensjonane (i høve til M-g), noko som og kunne tyda på at K-g er
sekundær her. J. Helgason seier elles: „Mer virSist petta afarliklegt til aS vera
pjoSsaga: draumur um folgiS fé sem felandinn do åSur en hann fengi sagt hvar
væri.“
” Utg. 1874 s. 24.