Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 108
106
det gjelet presten var komen til, og det som skatten var løynd i, ligg det
nærare å tenkja på det gjelet som garden Gilsbakki har namn etter14. -
I den fylgjande teksta til M-g har F. Jonsson meint å sjå ei „omstilling",
med di stykket om Mår er sprengt i to ved stykket om Bergfiorr15. Noko
liknande gjeld forresten fråsegna om O. Ho er i M-g kløyvd i to ved
stykket om Mår. K-g er greiare ordna. Der har vi fyrst samanhangande
fråsegn om Mår, giftarmålet og dauden hans. Deretter fylgjer episoden
på BQSvarsholar (gardsnamnet ikkje med i K-g), og til slutt Osp.s hemn
mot O. Men teksta i M treng ikkje vera rang for det. Ein bør merka seg
at dei fråsegnene om O. og Mår som er skiide frå kvarandre i M-g, er
relativt sjølvstendige innbyrdes, og i i.-s. har vi mengdevis av døme på at
personar fyrst vert omtala, deretter noko anna fortalt, og så dei fyrste
personane omtala på nytt. Fleire ting tyder elles på at K-t her er resultatet
av omlaging og stytting. Namna Hildir og Bjalfi i M-g er sjeldnare i
sogelitteraturen enn K’s Hildr og Qlvir16. hdlfafglapi M er finare og meir
spesialisert enn afglapi K, tdlguknif M enn kntfi miklum K. ntu kyr M er
auka til naut tolf K, 5 stodhestar til 7. rekr å honutn M er forgrova til
leggr i gegnum hann K. Ei forgroving er det og at Svala i K-g ligg i senga
i lag med Mår då sjalusidråpet går føre seg (jfr. s. 279). I M-g høyrer
vi ingen ting om det. Alt Cederschiold har gjort merksam på at strofa til
Dsp. i K-g kjem for tidleg, føre dråpet17. Fråsegna i M-g om korleis ein
mann kjem til SvplustaSir om morgonen, går inn i det huset Mår søv i,
nærmar seg senga og drep Mår, skaper ei stendig stigande spaning, som
får utløysing i orda petta var Ospakr, som vantar i K-g. Same stilistiske
spaningsteknikken med openberring av namnet til slutt har vi sett før i
fråsegna om då Våli vart drepen (jfr. til 2616'17) og då O. møtte (5f. på
tinget (2915—303). Namnet Bgdvarsholar er bortkomi i K-g18, og det
vesle som står att av fråsegna om hendingane der, heilt avlaga. Søksmålet
mot Osp. vart sjølvsagt reift på Alltinget, ikkje på ein tilfelleleg gård på
Nord-Island19. Det momentet at Osp. lyste på seg dråpet på Borgarholl,
14 Kålund: Isl.beskr. I 346 og merkn. 2.
15 Utg. 1933 s.x.
16 G. Jonsson: Nafnaskrå 1949; jfr. E. H.Lind: Dopnamn. - F. Jonsson, som
meinte at K-g var den opphavlegare, gissa på at Bjalfi var „en vilkårlig ændring
for at få et navn, passende til personens åndelige habitus'* (utg. 1933 s. vn).
" Utg. 1874 s. 24.
w Om Bgdvarsholar jfr. Kålund: Isl.beskr. II 16.
“ Om reifing jfr. s. 60-61.