Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 111
109
fene ikkje verre overleverte enn M-t elles. Overleveringstilstandet kan
difor ikkje seiast peika mot høgre alder for strofene enn for soga sjølv.
Som påpeika av F. Jonsson, er strofene 1-5 metrisk sett ulastelege8.
Formelt er det ingen ting som avgjerande hindrar oss i å tru at dei er
eldre enn frå det 13. h.å. På den andre sida har G. Jonsson haldi fram at
Of.-strofene „eru meS unglegum blæ“, og F. Jonsson nemner at kjenninga
sættir Åms ok Austra i str. 5 er uklassisk9.
I spørsmålet om tilhøvet mellom strofene og prosateksta har vi hovud-
sakeleg tre teoretisk mogelege alternativ: 1) Strofene er eldre enn den
litterære soga, men har høyrt til i henne frå opphavet. 2) Strofene er dikta
i samband med at den litterære soga vart utforma. 3) Strofene er innsette
i prosateksta etter at den litterære soga vart forma, anten slik at dei er
nedervde på folkemunnen ubundi av soga, eller slik at dei er laga på
grunnlag av den. Det tredje alternativet feli bort når det gjeld str. 6.
Vi vil no fyrst taka for oss str. 1-5, detaljar ved innhaldet deira og
tilhøvet deira til prosateksta.
Dei tre fyrste strofene er retta til Eg., str. 4 og 5 til publikum reint
ålment. Eg. var sonesons son til den store skalden Egill Skallagrimsson og
bar hans namn. Han høyrde altså til ei ætt som var fræg for skaldskaps-
interessene sine. Dette høver godt med at Eg. er den einaste av sambands-
felagane som vert serskilt tiltala på vers. Ved hjelp av str. 1 og 2 greier
Of. å gjera Eg. interessert i seg, slik at han innlet seg i ein samtale. Å
vinna seg velvilje på denne måten, ved skaldskap, er ein klassisk fram-
gangsmåte i sogene. Serleg høyrer vi ofte at folk søkte å vinna kongars og
stormenners godhug gjennom kveding. Jamvel om strofene her ikkje går
ut på å prisa Eg., er dei god skemtan. Andsynes ei så stor og uvanleg opp-
gåve som den Of. no stod framføre, var det herre rimeleg at han måtte
gripa til serlege framgangsmåtar. Ein må difor ha lov til å synast at
strofene 1 og 2 høver godt inn i samanhengen og gjer det lettare å skjøna
at Of. kunne greia det kunststykket å få den sjølvbyrge og lite godslege
Eg. i tale. Det er heller ingen motsetnad mellom desse strofene og prosa-
teksta når det gjeld innhaldet. Tonen i dei og det biletet dei gjev av Of.
feli på alle vis vel inn i den framstellinga av Of. som vi finn elles i soga.
Den tilgjorde og hyklande sjølvironien som møter oss i str. 2, minner om
byrjinga av samtalen mellom Of. og O. i kap. 5, der Of. framsteller seg
8 Aarbøger 1912 s. 17.
* ff. VII s. xcvii; utg. 1933 s. ix.