Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 112
110
som ein ynkeleg tusling andsynes den stolte og fine sonen sin: eigi er pat
hgfdingligt at ginna mik gamlan -. På same vis talar Of. i str. 2 ned-
setjande om seg sjølv og høler Eg. Dette held han fram med i den fylg-
jande samtalen. Det er liksom Of. i strofene har slegi hovudakkordane i
eit tema som etterpå vert variert i prosaen med utsøkt kunst inntil str. 3.
Men mot slutten av denne delen av samtalen tek Of. til å nærma seg det
farlege emnet som han nyst har sagt han ikkje ville tala om. No vert han
nøydd til å gjera det klart at han likevel er interessert i O.s sak, og han
lyt fortelja den hissige Eg. noko som han kan koma til å mislika eller verta
sint for. Vi står ved det kritiske vendepunktet i samrøda. Då grip Of.
atter til det middelet som har vist seg gjera så god verknad på Eg., kved-
skapen. Brodden til dei fyrste støytande orda viklar han inn i innfløkte
vers med relativt mykje av omskrivingar. Denne avgjerande gongen har
strofa eit „dyrare“ versemål. Og Of. når det han stemner mot: å vekkja
interesse og å imponera. Berre ut frå prosateksta kan vi gjera oss ei meining
om kvifor Of. nyttar eit anna versemål enn før. Men liksom str. 1 og 2
har og str. 3 ein dobbel funksjon i soga. På den eine sida er strofa lekk
i handlingsmekanismen, eit viktig våpen i Of.s „psykologiske“ taktikk;
men på den andre sida er ho og ein planfast innsett lekk i den kunstnar-
lege sogekomposisjonen. På same vis som str. 1 og 2 inneheldt temaet for
fyrste delen av samtalen, gjev str. 3 grunnakkordane for det som no
fylgjer etter: Of.s påvising av kor ulønsamt eit tiltak dette er for sam-
bandsfelagane, at dei berre vil hausta skam og skade av det heile, og hans
strenge fordøming av umoralen til hovdingane. Det er tydeleg korleis
tonen til Of. i prosateksta slår om etter denne strofa, før smørblid, kryp-
ande og smeikjande, no brått kvass og ironisk: ekki skal pat draga fyrir
per, hverja fullsalu pu munt upp taka - 442"3. Denne ironien er alt fram-
komen tidlegare, i strofa, der sambandsfelagane vert karakteriserte på ein
komisk måte ved to kjenningar, som båe peikar mot ting vi seinare får
høyra om dei. Om sume av sambandsfelagane, såleis Eg. sjølv, vert det
fortalt at dei sat svært trongt i det. Men her vert desse pengegriske arm-
ingane medtekne i epitetet auSar Njgrdum, - „Krøsus-ar“ ville vi seia.
Andre av sambandsfelagane er utruleg reddvorne og umannslege. Men her
er dei omskrivne med pundum pykkra randa peys, „veldige krigarar“. Kan
henda ligg det eit serleg hipp i framhevjinga av at skjoldane er tjukke:
Det er karar som fyrst og fremst tenkjer på å liva seg10. Men etter forma
10 Ein skjold kunne vera samansett av fleire lag med fjøler så han vart tjukkare