Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 115
113
står det at skaldemjøden verdr at satt mellom jotnen Suttungr og dvergane
Fjalarr og Galarr19. I pulur finn vi oppført jotunnamnet Amr. Austri
er eit velkjent dvergenamn både frå pulur og ymse kvæde. For ein som
var fortruleg med tradisjonen om Suttungs-mjøden i ei form som svara
til den vi no har overlevert i Sn.-Edda, skulle såleis dette biletet på skald-
skap vera nærliggjande. På den andre sida kan ein merka seg at Snorri,
då han reknar opp dei ymse typane av omskrivingar for skaldskap, ikkje
nemner det at han vert kalia „sættir j g tuns ok dverga“ el. likn. Dette kan
tyda på at kjenninga vår er ein nykonstruksjon yngre enn Sn.-Edda. Lik-
skapen mellom kjenninga og prosaen i Sn.-Edda gjer det truleg at Edda
sjølv har vori grunnlaget. - Dei to andre kjenningane i denne strofa,
malma runnr og hattar land er banal skaldisk skiljemynt20.
Ser vi no på Of.-strofene under eitt og jamfører dei med prosateksta,
kjem det til synes ein merkeleg symmetri. Str. 1 og 2 og str. 3 høyrer nøye
saman med og innleier kvar ein del av prosateksta. På den andre sida
høyrer str. 4 og str. 5 nøye saman med og avsluttar kvar sin serskilde del
av prosateksta. I røynda kan ein synast det er litt søkt og uførebudd når
Of. hrått atter grip ordet og seier fram str. 5 etter tretta mellom Eg. og
dei hine hovdingane. Men eg trur ikkje dette kan kallast ein estetisk feil;
for tvert igjennom Eg.s saftige utskjelling minnest vi heile tida kven det
var som sette det groteske spelet i gang. Det som skjer, er Of.s verk. Og
når Eg. vert ovanpå i ordstriden, så er det i røynda Of. som sigrar, medan
heile hovdingstandet er fornedra. Jamvel om Of. er ferdig med den eigen-
lege gjerninga si på tinget, er han difor framleies med i flokken av aktive
personar. Den nye inngripinga hans er då ikkje ulogisk eller urimeleg for
det om ho kjem litt uventa. Og Of.s sjølvmedvitne framtreding når han
grip ordet, er i heste samsvar med åtferda hans tidlegare i soga der han
stig fram og grip ordet andsynes domarane på fyrste tinget og andsynes
tinglyden og sambandsfelagane på dette andre tinget. Djupare sett er det
god samanheng mellom str. 5 og prosat eksta framanføre. Ved å set ja inn
str. 5 på denne staden har sogemannen sytt for at heile den delen av soga
som skildrar hopehavet mellom Of. og sambandsfelagane på Alltinget, så
å seia er innråma av Of.s strofer.
Eg har no freista å visa at alle Of-strofene ikkje herre ordnar seg inn i
den psykologiske samanhengen i soga, men og tykkjest vera organisk inn-
19 Sn.-Edda, utg. 1926 s. 72.
20 E. A. Kock tek hringa til hgfSingium (Not. Norr. § 2529). - vafit flikum, jfr.
ordlaget vej ja heSni um hgfufi e-rrt. (Eritzner: heSinn).
8 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII