Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 117
115
innhaldet synest vera lite diplomatisk i situasjonen. Men dette kan knapt
reknast for eit verre lyte ved sogekomposisjonen enn sume andre som finst
i båe gjerder (jfr. s. 231). På den andre sida er det ymse ting som
talar mot å tru at desse strofene er serleg gamle. Tidlegare (s. 108-109) er
nemnt at dei er etter måten heilsleg overleverte. Dei er dessutan gjen-
nomsynlege og of tast lette å tolka, og relativt fattige når det gjeld det
biletbruket som sermerkte den „klassiske" skaldestilen frå før Snorris tid.
Som vi har sett, finst det ting som tyder på at kjenninga sættir Åms og
Austra er yngre enn Sn.-Edda. Vidare er strofeinnføringa ok vard visa
(staka) d munni elles kjend berre frå i.-s. frå den seinare halvparten av det
13. h.å. I den lei at strofene ikkje er eldre enn soga vår, peikar og det at
strofene og prosateksta samsvarar såpass godt. Her er ingen døme på bein-
veges motsetnad mellom innhaldet i strofer og prosa, slik ein til dels kan
sjå det der gamle strofer er innfletta i ny prosatekst.
Når F. Jonsson gissa på at strofene hadde vorti overleverte for seg
ubundi av soga, var det sikkert av di han på den måten meinte å kunna
gjera det sannsynleg at fråsegna om Of.s dikting var historisk sann, trass
i at K-g etter hans meining var ei opphavlegare utforming av soga enn
M-g. Men gissinga hans er ein sers kunstig konstruksjon. Alt det at han
som forma B, ikkje skulle ha hatt kjennskap til denne skaldskapen, endå
han elles er den einaste som kan fortel ja oss noko om Of.s personlege eigen-
skapar, er mistenkjeleg. Ein annan ting er det at strofene kvar for seg vant-
ar tydeleg innhaldssamanheng med dei hine. Skulle dei vera av same skald
og nedervde samla, måtte dei vera samanknytte av rammeforteljingar som
til saman ville utgjera ein heil tått eller ei soge for seg. Men etter denne
soga har vi elles ingen merke. Mot trua på ei slik separatoverlevering av
strofene talar og det at ingen av dei finst overleverte i dublettar utanfor
B, og at vi ikkje andre stader har fråsegner om skalden Ofeigr SkiSason.
Skulle ein fyrst rekna strofene for eldre enn soga, ville det vera det einaste
naturlege å taka dei for direkte kjelder til ho. Det har vorti endå tyde-
legare etter påvisinga her ovanfor av den nøgne samanhengen mellom
strofene og sogestrukturen. Om ein vil halda strofene for ekte eller i det
minste for eldre enn soga, skulle då dette helst stø trua på at M-g er den
mest opphavlege av dei to gjerdene.
F. Jonsson har ikkje reist spørsmålet om alle strofene 1-5 er av same
skald eller ei. Men vil ein rekna strofene for sjølvstendig overlevering
eldre enn den skrivne soga, lyt også dette drøftast. Det kunne vera mogeleg
å tenkja seg at dette var eldre strofer dikta av fleire personar og til ymse
8*