Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 118
116
tider, strofer som han som forma soga, har plukka saman og lagt i munnen
på Of. Ein slik hypotese ville likevel støyta på fleire vanskar: Ingen av
strofene er overleverte andre stader. Alle strofene er så heilslege. Men
viktigaste motlegget er det at strofene er så like i preg. Dette gjeld serleg
str. 1, 2, 4 og str. 3, 5. Den fyrste gruppa er forma i fornyrdislag, heilt
einfelte strofer haldne i ein lett tone av spott over andre og sjølvironi.
Den andre gruppa er i drottkvætt og meir skarp og aggressiv i tonen. Men
likskapane også mellom fyrste og andre gruppa er påtakelege. I båe høve
talar skalden i eg-form, og støtt om sitt eige tilhøve til andre. Her er alle
stader ei sterkt subjektiv sjølvframhevjing, samstundes som det i båe
gruppene finst kritikk og spott over personar som skalden talar om. Ikkje
i nokor av gruppene viser skalden noko stort lyrisk talent. Språkleg er der
heller ikkje noko som talar mot å tru at vi i kvar strofe har å gjera med
same skalden, noko alle har meint til denne tid. Men den mest einfelte
forklåringa vert då å rekna med at strofene er forma av han som forma
sjølve soga. Denne slutninga vil og få ny stønad seinare i dette arbeidet,
der det vert freista å visa at hovuddrag i den delen av soga som inneheld
<5f.-strofene, er henta frå annan litteratur som framleies eksisterer.
Vi kjem no til str. 6, som finst i K-g med og difor har vori rekna for
opphavleg av alle. I denne strofa er der ein feil i bokstavrimet i fyrste
visefjerdingen. Denne feilen i båe gjerder er etter mi meining noko som
tyder på at dei to gjerdene går attende på eit sams skriftleg opphav, då ein
ikkje lett kan tenkja seg denne strofa munnleg tradert i lengre tid utan at
folk hadde vorti merksame på feilen og hadde retta han på ein eller annan
måte. Ein skrivar som mekanisk målar bokstav for bokstav, lyt ha lettare
for å oversjå slikt. Om strofeforma er elles å seia at ho er den same einfelte
og lette som i str. 1, 2, 4. Frå forma si side er der ingen ting i vegen for
å tru at denne strofa er av same skalden som dei hine strofene (bortsett
frå rimfeilen; men han er sikkert uopphavleg). Innhaldet i denne strofa
og i Of.-strofene er derimot sers ulikt, — i hine leikande ironi og lystig
spott eller kvass kritikk av umoralsk framferd, her eit brutalt uttrykk for
rasande sjalusi25. Det kunne vera freistande å tenkja seg at str. 6 er eldre
enn den skrivne soga. I så fail kunne denne strofa reknast for kjelde til
fleire av dei data som no har meir eller mindre å segja for sogebygnaden.
Vi har her det sentrale namnet Svala, vidare namna Mdr og Hildir
” F. Jonsson (Aarbøger 1912) syntest denne strofa var „et smukt følelsesfuldt,
subjektivt vers"!