Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 119
117
(Hildr K) og opplysning om at skalden drep Mår av di han har fått
Svala. Frå det som står i andre sogeverk, veit vi at det må ha eksistert ein
folkeleg tradisjon om ein strid mellom O. og <5sp. (jfr. nedanfor s. 242 f).
Osp. var systersonen til den kjende fredløysingen og skalden Grettir Ås-
mundarson. Ein kunne då tenkja seg at både forteljinga om Osp. og denne
strofa hadde gått i arv hjå folk i samband med Grettir-tradisjonen. Osp.s
lagnad minner i sumt om Grettis. Denne teorien ville kunna forklåra
opphavet både til det som er fortalt tidlegare i soga om Osp. og Svala, og
til forteljinga om Mår’s giftarmål og død her. Ved nærare ettertanke vert
likevel også dette tvilsamt. Den nemnde tradisjonen om O. og Osp. gjer
at ein godt kan tenkja seg opplysningar om Osp. henta frå andre kjelder
enn denne strofa. For giftarmålet og Svalas vedkomande er det til og med
mogeleg at vi herre har å gjera med konstruksjon av sogemannen sjølv.
Om Svala heiter det nemleg i soga at ho budde på Svglustadirj ein gård
vi veit har eksistert (jfr. s. 31, merkn. 1). Det står og at Svala var van
kona ok ung. Ho styrer garden sin sjølv og er utan nærfrendar, i det
minste slike som har sosial rang (jfr. til 1217~18 s. 31-32). Ein må tru at
foreldra hennar er døde. (Elles ville dei ha gift ho bort.) No er det
vanleg meining at ein gård kunne få namn på -stadir etter rudnings-
mannen eller ein kjend eigar. Men den unge Svala kan etter soga å døma
ikkje ha vori den som fyrst bygde garden, og måtte sikkert ha teki han i
arv etter foreldra sine. Det er då påfallande at garden ber hennar namn.
Sjølvsagt kunne ein seia at garden kunne ha namnet sitt etter ei tidlegare
Svala. Men det vert sers luftig konstruksjon. All den stund gardsnamnet
er eit historisk faktum, men denne soga på så mange vis rein litterær kon-
struksjon, som vi seinare skal sjå, ligg det nærast for hånd å tru at
namnet på den unge og vakre Svala er utleidd av gardsnamnet Svglustadir,
og at dette gardsnamnet såleis er ei av „kjeldene“ til sogemannen26. Går
ein ut frå dette, vert Svala-figuren og heile dramaet kring ho noko som
anten er utvikla i folkeleg tradisjon eller oppdikta av sogemannen. Str. 6
vert då ikkje opphav til, men frukt av den fabuleringa som knyter seg til
dette gardsnamnet. Forma til strofa skulle helst tyda på at ho er laga av
den same skalden som er meister for dei hine strofene i B.
“ Jamvel om H. Kuhn skulle ha rett i teorien sin om at dei islandske gardsnamna
på -stadir ikkje er opphavlege, men tilkomne seinare (SamtiS og saga V), ville ikkje
dette gjera det meir truleg at garden var oppkalla etter vår unge Svala på den tida
då sogehendingane gjekk føre seg. Namnet måtte då helst vera tilkomi etter at Mår
var død.