Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 120
118
At vi i denne strofa har å gjera med eit verk av sogemannen sjølv,
høver og med ein detalj i språkbruket. I slutten av soga, der det er
fortalt om korleis Osp. freista å hemna seg, har han fått ein uhyggeleg
og obskur dåm som minner om attergangarar og andre „overnaturlege“
skapningar. Denne damen er truleg noko han har fått gjennom framstel-
linga til sogemannen. Men denne dåmen finn vi og att i str. 6, der Osp.
er laten nytta ordet skålm om sakset sitt (jfr. s. 282-283).
Eit serskilt motlegg som nokon kanskje kunne gjera mot det synet at
strofene er laga av sogeforfattaren, skal nemnast til slutt. Vi har sett at
strofene i B ikkje er stor dikting. Skalden har vori fortruleg med dei
rådande regiane for skaldediktning, men strofene vantar lyrisk originalitet
og kraft. Samstundes er soga sjølv eit meisterverk av diktarfantasi og
språkleg virtuositet. Er det då sannsynleg at soga og strofene er forma
av same person? Denne motsetnaden fortener utan tvil åtgaum, men
tykkjest ikkje bjoda på verkelege vanskar. Fleire ting kan her hjelpa til
med å gjeva forklåring. Det eine er det velkjende psykologiske fenomenet
at ein stor prosaist eller skodespeldiktar, serleg om han er intellektualist
og komikar slik som han som forma soga vår, ikkje treng vera nokon stor
lyrikar. I sume høve ser det til og med ut som det skarpe, ironiske og turr-
vittige gemyttet kan vera ei hindring for sterkt kjensleboren biletrikdom,
slik stor lyrikk krev det. Ei onnor sak er at det her heller ikkje utan vidare
er klårt kva intensjonar skalden har hatt. Skal vi rekna det for visst at det
var ynsket hans å skapa stor patetisk dikting? Enn om desse strofene heller
burde jamførast med dei strofene som er innfletta i Holbergs og Wessels
komediar, og som vel ingen til denne tid har funni på å mæla med dei
store lyriske mål?
Spørsmålet om tilhøvet mellom strofer og prosatekst er eit av dei vanske-
legaste som reiser seg i samband med B. Det ville vel vera for mykje
å venta at alle skal lata seg overtyda av den argumentasjonen som er
framlagd her. Men når der er så lite av heilt sikre grunnar som peikar
i den eine eller den andre lei, må det seiast vera det mest varsame å rekna
med at alle strofene er opphavlege i soga. Provbøra vil fyrst og fremst
kvila på den som vil hevda at Of.-strofene er interpolerte i M-g27.
17 Eit handlingsmoment i båe gjerder som best let seg forklåra om ein reknar
str. 4 og 5 for opphavlege i soga, er omtala s. 91.