Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Qupperneq 121
119
KONKLUSJONAR
Detaljsamanlikninga framanfor har vist at skilnaden mellom M-t og
K-t i mangt er framkomen ved serlege arbeidsmåtar hjå dei som har stelt
med tekstene. Vi lyt her rekna med ein mogeleg skilnad mellom arbeids-
måtane til dei som forma gjerdene, og arbeidsmåtane til dei skrivarane som
skreiv sjølve M-t og K-t.
M-g.
M-t inneheld ei rad med feilar, som kan skipast i grupper på denne
måten:
1. Rangstaving av ord, eventuelt ved mislesing. Mange døme, jfr. utg.
1956.
2. Utelating av orddelar, ord og stuttare ordsamband eller heile set-
ningar. Mange døme. Her skal serskilt peikast på ordsamband eller
setningar som er, eller kan vera, utfalne: 176, 225, til 2616"17 (s. 44),
3312>14, 3610, 391«, 44ii, til 4927-501«, til 5528'29 (s. 85), til
627-11.22-25.
3. Forbyting av ord og ordsamband: 15H(?), 178"9 (retta av skrivar-
en), 448 (retta av skrivaren), 573, til 604_5(?) (s. 93).
4. Tviskriving av ord. Jfr. utg. 1956 t. d. s. 19, 24, 30, 59 o. fl. st.
5. Andre misskrivingar, t. d. 82, 36i3, 4114> 46, 4322( ?), 499, 5449( ?),
634.ie, 67“, 719y 731.
Alle dei nemnde feilane er slikt som kan koma fram hjå ein skrivar
jamvel om han er meint på å fylgja førelaget så godt han kan. Djupare
brigde i forteljingssamanhengen har vi berre 44i°-n, og kan henda 299
(jfr. til 299"i°) og 361°. Men jamvel på desse stadene let feilane seg for-
klåra som oversprang.
Han som skreiv M-t, har arbeidd snøgt og av og til litt for lettvint,
og har ikkje gått over det skrivne etterpå for å retta på eventuelle feilar.
Sume av feilane kan vel og ha stått alt i førelaget hans.
Tendens til medviten og planfast omstøyping av innhaldet let seg ikkje
påvisa i M-g1. Dette skulle tyda på at M-g nokså nøye svarar til teksta
i den opphavlege soga2.
1 Dersom ættelekken JdrngerSr i M 1‘ er ei utviding (jfr. s. 24), kan han frå
fyrst av ha vori sekundært tilsett i margen i eit førelag av M-g.
s Om teksta av Njål. i MoSruvallabok, som er skriven av same skrivaren, seier
E. 01. Sveinsson: „Texti MoSru vallabokar må heita mjog gåSur, Jrå a3 skrifara