Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 122
120
K-g.
K-g representerer mykje meir inngripande avvik frå den opphavlege
teksta enn M-g. I det fylgjande vil vi vanleg sjå bort frå slike feilar som
er typiske for reint mekanisk avskriving (jfr. elles s. 162), og serleg festa
oss ved slikt som grip djupare inn i den logiske samanhengen. Mellom
desse feilane er det ei stor mengd med døme på at den indre konsekvensen
i handling og personskildring er broten. Eg skal her draga fram noko av
det som er mest typisk, for på den måten å gjeva eit meir samla bilete av
åtferda til han som forma ut K-g. Til å få betre oversyn kan ein då freista
å skilja mellom omdaningar som kan ha gått føre seg meir tilfelleleg eller
uforvarande, og omdaningar som tydeleg er uttrykk for meir medviten
plan. Sers ofte tykkjest omdaningane vera framkomne ved at tilfelle og
plan blandar seg på ymse måtar.
Meir eller mindre tilfellelege eller uvilkårlege er truleg dei omlagingane
som er framkomne ved at større eller mindre delar av teksta er rivne ut
or den opphavlege samanhengen sin og innfletta i forteljinga på ny stad.
Dette kan skje på den måten at ein tekstdel vert avskriven i hovudsak
uskipla, samstundes som innhaldet også vert brukt i ein annan samanheng,
som Of.s ord til Gell. i 6015~16’29~30, der orda står på rette staden sin,
medan dei er føregripne i Of.s ord til Gell. i 5225~26. På den måten kjem
same innhaldet att to gonger i K-t. I det nemnde dømet er fråstandet
mellom dei to tekststadene så stort at utf. av K-g kan ha gløymt at orda
alt er „oppbrukte“, då han skriv dei andre gongen. Det motsette, at ein
tekststad fyrst er avskriven (om lag) på rette plassen sin, men deretter
brukt på nytt lengre bak, har vi truleg i K-t 4413'14 (som svarar til
M 4312'13) og 5228"29. Det vanlege er likevel at tekstdelar som er flytta,
står på berre ein stad.
Dei fleste flyttingane av tekstdelar kan skiftast i to typar. Den eine er
dei tilfella der tekstdelar som høyrer til lengre bak i soga, er innsette for
tidleg (,,føregriping“). Det tomromet eller brotet i samanhengen som den
flytta tekstdelen etterlet, lyt då utjamnast på ein eller annan måte („etter-
påvøling“). Dette er den mest vanlege omflyttingstypen. Døme er påpeika
ovanfor ved tekststader som 912—101, 927-28 j 1322-23 0g 139,14,27
(s.33); 1621-25 (s.36); 1812-192, 1823-1941, 192»-23; 206.1«-24'2«;
hennar geti skjoplazt eins og oSrura monnum (t. d. tynir hann stundum niSur ein-
stokum orSum, en pafi er på oftast auSsætt). Mjog litiS held ég skrifarinn hafi vi5
aS breyta; f>6 kynni aS gaeta styttinga å oftustu si5unum“ (ff. XII s. clvi).