Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 124
122
avgjera. Det gjeld t. d. nokre stader der analoge eller liknande tekstdelar,
som finst på skiide stader i M-t, har vorti støypte saman til eit eingongs-
fenomen i K-t, jfr. til 3245-i6, 29-39; 386-17; 40n-i2; 4720-22 (s.
77-78).
Desse samanstøypingane kan tolkast som fylgje av samanblanding i
minnet. Men det kan like gjerne vera tale om plan. For desse saman-
støypingane svarar til ein av dei tydelegaste omlagingsmåtane i K-g, ten-
densen til stytting.
K-t svarar berre til litt mindre enn 5/6 av omfanget til M-t. Sume
stader fortel ho meir utførleg, men oftast knappare. Styttingane har komi
i stand på fleire måtar. Vi har alt nemnt stytting ved samanstøyping av
analoge tekstdelar. Den viktigaste innsparinga har i det store og heile
gått føre seg ved at meir eller mindre omfangsrike delar av førelagsteksta
er oversprungne. Slike oversprang kan ha skjedd av vanvare, som ved
dei banale skrivefeilane i 1622; 7225, og truleg og ved einskilde ord-
samband som vantar, jfr. til 3414"17>31. Slike oversprang er vel og
grunnen til sume anakolutiar, jfr. 1629 og til 417_8> 26-27. Planfaste er
derimot truleg slike styttingar der K-g inneheld ein ekstrakt av den opp-
havlege teksta, til dels slik at dei delane av førelagsteksta som har mindre
å seia for den konkrete handlingsutviklinga, tykkjest vera utelatne. Døme
på dette er omtala ved 1212; 144-15; 145,15-16. 251.14; 279 (s. 46);
292-4 (s. 48-49); 3314-344, 3324 (s. 58-59); 3511-17, 3531-3645 (s.
62); 455-9 (s. 76); 468-i3 (s. 77); 478-io (s. 78); 4714 (s. 78); 684-6.
Stytting av dette slaget kan og vera grunnen til at Of.-strofene er bort-
komne i K-g (jfr. s. 73).
Hardhendt stytting tykkjest likevel vera berre ein av grunnane til den
avskalinga av ei mengd logiske, psykologiske og estetiske finessar og den
stendige forgrovinga av framstellingsmåten som gjer seg gjeldande over
alt i K-g. Døme på dette er påpeika ved 27>22-23; 216-31 (s. 25); 31-18;
712-13 (s. 27); 96,19-21; 912-104, 927-28. io3,i9. 1129 (s. 30);
134' 22 ; 1410, 21, 29 (s. 34); 154-5> 15-16, 28 (s. 35) . 1811-12,22-23,
1832— 1920; 232>12’24; 248-18-29; 2712-44-27; 30i6-i8; 3019-317,
3118-23; 343-6, 3325-28; 3523-24 (s. 61); 3921 (s. 70); 4013;
429-12,24-25 (s. 73); 442-8- 16-20; 476,25 (s. 78) . 612-3 og 6123 (s.
94) . 6211“13, 2 6-2 7 (s. 96) ; 636-7,23. 6519-23; 674"12’ 25-30; 746-7,16
(s. 107).
Ein lekk i denne forgrovinga er den sterke trongen i K-g til å fram-
hevja rikdomen til O. Jfr. tillegget mikill 529, utbytinga av menn med