Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 130
128
fulle litterære realismen i nyare tid, og gjeld sjølvsagt meir di meir kunsten
er styrd av andre intensjonar. Mellomalderkunsten piar jamt vera ser-
merkt ved å retta seg mot heilt andre mål enn nøyen naturetterherming.
Difor er den vidgjetne „realismen" i i.-s. eit så merkeleg førebrigde. Ser
ein vel etter, viser det seg likevel at j amvel dei mest „realistiske" i.-s.
ikkje fornektar den tida dei høyrer til i, og at deira kunstnarlege lover
og krav skjer seg som beine liner og plan tvert gjennom livsens kronglute
mangfelde. - Personane i i.-s. ber jamt merke av å vera meir eller mindre
klåre ty par, fastlagde ved mønster som er tradisjonelle i europeisk folke-
leg epikk eller i norrøn litteratur. Dette gjeld i.-s. reint ålment. Og B er
her ikkje noko unnatak. Hovudsaka for sogemannen har sikkert heller ikkje
vori å få til personar som på alle vis svara til dei vi møter i kvardagslivet.
Fyrst og fremst laut han leggja til rettes sjølve utgangspunktet for den
dramatiske konflikten. Og det gjer han, som vanleg i i.-s., ved å setja
personar av ulik type parvis opp mot kvarandre. Gjennom heile soga ser
vi denne samanstellinga av karaktertypar: O. mot (3f., O. mot (3sp., Våli
mot Osp., Styrm. mot Por., Eg. mot Gell., for å nemna dei viktigaste
døma.
At det ikkje berre er psykologisk innleving i „naturleg" sjeleliv, men og
planfast konstruksjon som ligg bak personskildringane, er tydeleg i fram-
stellingane av korleis ein person i soga vår kan skifta karakter. Det skjer *
støtt gradvis og nesten umerkande. I røynda er heile soga oppbygd etter
eit fintenkt komposisjonsprinsipp som vi kan kalia prinsippet med det
gradvise omskiftet (jfr. s. 231 f). At dette fyrst og fremst er eit ålment
komposisjonsprinsipp i soga, og ikkje berre uttrykk for eit serleg slag
psykologisk forståing, tykkjest gå fram av det at det vert gjennomført
også utanfor dei eigenlege personskildringane, t. d. i fråsegna om korleis
rikdomen til O. auka.
Det fine ordet „dybdepsykologi" var ikkje oppfunni den gongen i.-s.
vart skrivne. Likevel har ymse granskarar vist kor langt ein kan nå ved
grannvar ettersporing av dei psykologiske mekanismane som råder i djup-
are sedde sogepersonar. B innbyd mindre enn sume andre sogeverk til
inngåande gransking av dette slaget. Det har to hovudårsaker. For det
fyrste har B for ein stor del karakteren av „lystspel" og „happy end“-
forteljing. Ho gjev difor ikkje slikt høve til dei meir storfelte sjelelege
perspektiv som opnar seg i tragedien, endå om også B har sitt tragiske
innslag. For det andre er det tydeleg at han som forma soga, har vori eit
typisk forstandsmenneske, med hovuddraging mot det dagklåre og logisk