Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Qupperneq 131
129
gjennomsynlege. Han er nok underfundig, men ikkje mystisk, sjelekjennar,
men ikkje sjelegranskar. Karakteristisk er skorten hans på interesse for
kvinner og erotikk. Ein kunne lett tenkja seg denne soga forma slik at
kvinner som LorgerSr, mor til O., og RagnheiSr, festarmøya hans, spela
ei sjølvstendig rolle. Men dei er båe heilt passive. Den einaste kvinna som
grip aktivt inn i hendingane, er Svala. Men den erotiske aktiviteten hennar
og den djerve måten ho tek sakene i si eiga hånd på, er herre sedde med
spissborgarens trongsynte fordøming av det som strider mot nedervde
regiar og god tone. Sogemannen er i det heile typisk maskulin i innstillinga
si. Det som han er oppteken med, er mannfolksida av livet, økonomi og
rettsstrid, motsetnaden mellom son og far og mellom samfunnsklassene.
I denne måten å sjå tinga på minner han ikkje lite om Ludvig Holberg.
Som Holberg er han på ein gong karmann, intellektualist, humorist,
komikar og moralist.
E. 01. Sveinsson har i „KyrrstaSa og {moun i fornum mannlysingum"
sett to hovudtypar av personskildring i i.-s. opp mot einannan og inn i ein
større historisk samanheng1. Han peikar på at det vi her vil kalla den
„statiske" skildringstypen, vanleg er den rådande. Personane av denne
typen er seg sjølve like heile tida liksom i den klassiske greske tragedien.
Motsetnaden til denne statiske typen er personar som vert annleis enn før
medan det er fortalt om dei, anten omskiftet skjer ved eit trylleslag eller
ved ein jamnare vokster. Denne typen vil vi her kalla „omskiftingstypen"2.
Desse to hovudtypane kan blanda seg i mange mellomformer.
Det E. 01. Sveinsson seier om i.-s. meir ålment, høver og fullt ut på B.
Her er samla og blanda ei rad meir eller mindre reine typar av desse to
slaga. Reint praktisk kan ein då skifta personane i B i to hovudgrupper:
dei som er med i soga gjennom større delar av henne, og som såleis får
høve til å visa seg i ei rad situasjonar, som på ein film, og dei som vi berre
får stutte glyttar av, augneblinksfotografi. Det er klårt at den siste
gruppa ikkje let seg skipa inn i skjemaet „statisk“-„skiftande“. I sume
soger kan nett augneblinksbilete av personar vera noko av det beste og
1 Han knyter dette arbeidet (i Vaka II, oppattprenta i ViS uppspretturnar) til
C. Hauchs kjende utgreiing om Njål. i Afhandlinger og æsthetiske Betragtninger,
- ei avhandling som i visse ting var langt framføre si tid. Hauch talar der om
„stillestaaende" og „fremadskridende" karakterar (nemnde verk s. 452).
2 Eg vel heller dette ordet enn t. d. å kalla det ein „evolusjonær" type (eit ord
som vel svarar betre til det islandske „Jtroun"), av di evolusjonsideen i vår moderne
form var ukjend for mellomalderen.
9 Bibliotheca Arnamagnæana, XVIII