Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Side 132
130
representera kunstnarlege høgdepunkt. Slik er det ikkje så mykje i B. Den
kunstnarlege styrken til denne soga ligg mest i det motsette, i systematisk
og planfast framvokster og masseverknad. Dei personane i B som serleg
interesserer oss, er då dei som vi høyrer mest om, (5f., O. og Osp. Om alle
desse gjeld det at dei er skildra i sermerkt omskifting, kvar på sin måte.
Hovudpersonen O. er i røynda den som skifter minst. Hjå han er det meir
tale om eit skifte i livskår og livsrøynsle enn i karakter. Hjå Of. er og
skiftet meir på overflata, gjeld mest sinnsstemning og ytre apparisjon.
Berre hjå Osp. møter vi verkeleg djuptgåande brigde i karakteren. Men
jamvel hjå han er der og samstundes samanheng og identitet.
Om personskildringane er elles å seia at endå om dei kan henda ikkje
representerer det ein kan kalla serleg „djup“ psykologi, så tyder ikkje det
at alle personane i soga er einslungne eller klårt gjennomskodlege i fyrste
omgang. Dei nemnde motsetnadene i karakterane er forma ut frå ei per-
sonoppfating som reknar med psykologisk „lagdeling", nett som i moderne
psykologi. Ein kjem kan henda det rette nærast ved å kalla sjelelivet til
desse personane „tvibotna". Klårast er dette utan tvil hjå den mest sinns-
kløyvde av dei, Osp. Men som E. 01. Sveinsson har peika på, kan jamvel
kolb'itr-typen få indre psykologisk einskap om ein reknar med sjelelege
krefter som ligg løynde under overflata3. Ei slik tolking høver godt på O.
Of. er som sjelsstruktur å sjå til i seg sjølv meir einfelt. Han har alder-
domens indre ro. Tvidraget hjå han ligg ikkje så mykje i indre motset-
nader som dregst om overtaket, som i ei spaning andsynes livssituasjonen
og dei oppgåvene han har teki på seg.
Dette rørlege og samansette i karakterane er det som gjev soga ein
realistisk dåm og steller ho i velgjerande motsetnad til vanleg mellom-
alderleg „psykologi", slik vi møter han ikkje berre i legender, riddarsoger
og fornaldarsoger, men og i sume i.-s., der generaliseringane viskar ut
mest alle nyansar og slår alt liv i hel. Personane i B er ikkje „heltar"
som abstraksjonen lyfter høgt opp over kvardagslivet. Dei er meir eller
mindre gode eller vonde, duglege eller uduglege, alvorlege eller løgne,
men alltid innanfor menneskelege mål. Den einaste som noko på veg viser
ein dugleik og har ei gipta så langt ut over det rimelege at det nærmar
seg det heroiske, er hovudpersonen O. Men til andre tider viser han seg
atter så hjelpelaust menneskeleg at ingen retteleg helteglans vil festa seg
ved han. Reindyrka og usamansett type er av dei sentrale personane berre
3 Vaka II 283-284, Vi8 uppspretturnar s. 76-77.