Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Síða 133
131
den nesten eteriske Våli. Men han er ein reint tragisk figur, som berre
høyrer med til førespelet og står utanfor den eigenlege komedien, der
sogerealismen mest får høve til å utfalda seg. A. Heusler har rett nok sagt
at personane i B ikkje er komiske i seg sjølve. Det er handlinga som er
komisk4. Dette er likevel berre delvis rett. Personane Eg. og Gell. er ikkje
lite komiske i dei to lange samtalane med Of., og serleg hjå Of. sjølv finn
vi drag som gjer personen, om ikkje sterkt komisk, så i alle fail humor-
istisk oppfata. Of. er, dj upare sett, både den mest alvorlege av desse per-
sonane og samstundes den som oftast gjev grunn til å draga på smile-
båndet.
OFEIGR SKfDASON
Of. vert presentert for oss på tradisjonell måte, med di både hans ætt
og ætta til kona hans er omtala. Dei er båe storætta, og dette gjev oss
grunn til å venta at vi har med uvanleg dugande folk å gjera. Vi får og
straks vita at kona til Of. var ein kvenskgrungr. Denne opplysninga tener
truleg fyrst og fremst til å kasta glans over sonen O. Etter at dette
er opplyst, kverv PorgerSr heilt ut or synsfeltet, og sogemannen vender
seg til det temaet som er den raude tråden i soga vår, tilhøvet mellom Of.
og O., mellom far og son. Vi får fyrst ein nærare karakteristikk av Of.
Her merkar ein seg at det ikkje, som ofte ved presentasjonen av soge-
personar, er sagt noko serskilt om dei lekamlege eigenskapane hans, — det
måtte då vera det ein kan leggja i M’s i gllu mikilmenni. Det som vert
framhevja frå fyrste stund, er visdom og evne til å finna utvegar (spekingr
- radagørdamadr). Etter at vi har høyrt så mykje gjævt om Of., kjem det
litt uventa at han har dårleg råd, og det endå han eig mykje land. Rett
nok kan ein i soga vår godt vera ein gjæv og framifrå kar om det er
dårleg med utkomet. Slik er det t. d. med Eg. og Gell. Også elles i soge-
litteraturen ser vi at rikdom på ingen måte er vilkår for å gjelda for
mikilmenni5. Men av ei realistisk framstelling kunne vi venta at ho gav
4 Utg. 1913 S. LVI-LVII.
‘ Denne verdsetjinga av ein manns personlege eigenskapar ubundi av økonomiske
og sosiale kår er eit interessant drag som kjem fram oftare i dei heimlege islandske
sogene. Vi møter her ei individualistisk innstilling, som står i motsetnad til det
snobberiet som gjerne fylgjer solid rikdom og tydeleg standsskilnad. Som det heiter
i Tristr. s. kap. 23 (utg. 1878 s. 39-40) : Nu er hann hryggr; J/vi engi fåtækr madr
er vel kominn i hird konungs; J/vi J/eir einir eru par vel komnir, sem gnog eru
rikir; en po at madr sé vel cettadr ok sidum vel mannadr, ok po fåtækr til hirdar,
på finnr hann få, sem honum duga skyldi.
9»