Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Page 134
*
132
ei forklåring på denne motsetnaden mellom Of.s evner og kår, så mykje
meir som soga sjølv fortel korleis sonen O. heilt ved eiga hjelp svingar
seg opp frå ingen ting til å verta den rikaste mannen på Island. Årsaka
til denne uforklåra motsetnaden ligg, som vi seinare skal sjå, truleg i det
at sogemannen her har lati O. i soga få farge av kolbttr-segnene. Den
typiske kolbitr-en veks opp i tronge kår. I samsvar med dette har Of.
dårleg råd. Ei sak for seg er det at sogemannen kan henda ikkje har kjent
denne motsetnaden som noko påfallande. Han opererer også elles med ein
psykologi som set menneskelege evner i klårt isolerte båsar. Eit par ting
vert rett nok nemnde, som kunne ha innverknad på økonomien til Of. Det
eine er det at han er så raust og gjestmild. Det andre er det at han er
tingmannen til Styrmir f>orgeirsson. Of. seier seinare til Styrm.: f/u hefir
margar godar gjafar af mér f>egit ok allar illu launat 591-2; jfr. K* * 6. Men
det er ikkje likt til at desse opplysningane om Of. er meinte som nokor
forklåring på dei tronge kåra hans, då gjerugskapen til Styrm. ikkje er
omtala her og raustleiken vel er nemnd til å visa kor gjæv ein mann Of.
var (i motsetnad til dei rike og knipne av hovdingane). Jamvel opplysninga
om kor tungdriven garden til Of. var, som vel lettast kunne reknast for
ei årsaksforklåring, tykkjest serleg stå i den moralske lovprisings teneste.
Men denne siste opplysninga har samstundes ei oppgåve i den psykologiske
samanhengen: Ho viser kvifor Of. hadde grunn til å kjenna seg beisk mot
den likesæle sonen7. Men sonen svarar med opi opprør, og brotet mellom
dei to er fullstendig. Guten viser seg vera dugande så snart han får råda
seg sjølv, og han svingar seg opp til stor rikdom i sjølve heimetraktene,
beint for nasen på far sin. Vi anar den stille, seige dragkampen mellom
desse to sterke viljane. Of. lyt stendig sakna den hjelpa han så sårt treng.
Som tilsikta hån og ei stor krenking måtte det kjennast då O. drog frå
landet og sette ein simpel lauskar med tvilsamt gjetord til å styra både
garden og godordet for seg, i staden for å venda seg til far sin, noko som
normalt ville ha vori naturleg8. Of., inn mesti malamaSr ok forvitri, sit
borte på Reykir og fylgjer med. Han veit betre enn nokon kor lite O. har
“ Ein god illustrasjon til den tyngsla det var for tingmennene å ha ein kravstor
hovding, gjev tåtten om Ofeigr JårngerSarson og GuSmundr inn riki i Ljosv. (ff.
X 117-121).
7 Den broren til O. som er omtala i Hernings kjenner soga vår ikkje til. Etter
B. å døma er O. einaste son.
* Fiendskap mellom far og son vart ålment rekna for „utilbørligt og forargeligt1'
(K. Kålund i Aarbøger 1870 s. 343).