Bibliotheca Arnamagnæana - 01.12.1957, Blaðsíða 135
133
av lovkunnskap, ser kor dumt han steller seg og skjønar at det lyt bera
gali i veg, serleg då O. førebur ettermålssaka etter Våli: pegar vissa ek,
er pu fort heiman or heraåi, at rangt var til bidt målit 312_3. Of. er ting-
mannen til Styrm. og skjønar straks korleis dette kan verta utnytta. Trass
i kulden mot O. på overflata må Of. i løynd ha vori byrg over sonen sin.
Vi kan tenkja oss korleis han no harmar seg over at sonen ikkje har sam-
band med han. Halvt i løynd møter han opp på tinget for å fylgja med
i saltene på fråstand. Han held seg borte frå domstolen, der søksmålet til
O. kjem opp. Men då han ser at O. går heim så tidleg, veit han korleis
det har gått. No øygnar han den psykologiske augneblinken då det er
mogeleg å nærma seg sonen på nytt, slik at sonen kan bergast og forsoning
koma i stand. Of. passar på å møta opp i budarsundit, der O. ikkje kan
smetta framom utan å ansa han, og der uvedkomande ikkje så lett kan
koma attåt og lyda. Utsjånaden til Of., serleg slik han er skildra i M-g,
er viktig både som direkte personskildring og som moment i handlings-
samanhengen. Det biletet vi her får, må i fyrste omgang takast for eit ut-
trykk for kor dårleg det etter kvart har vorti med Of. Han er ringt kledd,
bøygd og skral av mange års slit og tronge kår, samstundes nedtyngd i
sinnet over den vanskelege oppgåva som står føre han. Vi får i ein blenk
eit bilete med langt perspektiv attover. Men sogeteknisk peikar biletet
endå meir framover. Det er utgangspunktet for den interessante stegvise
omlaginga av Of.-figuren, som vi etter kvart vert vitne til (jfr. s. 138 f.).
Denne personskildringa er og interessant på den måten at ho er så intimt
knytt til sjølve sogehandlinga. Skildringane av utsjånaden til personar i
i.-s. er gjerne av det abstrakte slaget, skildrar personen slik han piar sjå
ut til alle tider eller vanleg, og står ofte i samband med presentasjonen,
som t. d. når det gjeld Gunnarr og Njåll i Njal. kap. 19-20. Andre tider
kan vi ha skildring av utsjånaden i ein viss situasjon, slik som den vid-
gjetne skildringa av Egill Skallagrimsson i Egl. kap. 55. Oftare kjem dette
føre på eit punkt i soga der vedkomande person skal få serskilt mykje å
seia for hendingane, slik som HallgerSr i Njal. kap. 33 eller SkarpheSinn
i kap. 120. Av denne typen er og skildringa av Of., herre med den skilnaden
at skildringa her er endå meir intimt innforliva i handlingssamanhengen
enn dei nemnde skildringane av HallgerSr og SkarpheSinn. SkarpheSinn
vert skildra i ein situasjon då alles augo skal verta dregne serskilt sterkt
mot han. Men utsjånaden hans tykkjest ikkje vera uttrykk for tilgjersle
eller utrekning. Han herre var slik reint uvilkårleg. Og difor laut alle
leggja merke til han. Hjå HallgerSr (og Gunnarr, som ho talar med) er